mandag 13. juli 2015

Magnetalarmklokke

Verken den nye eller den gamle komfyren min har alarmklokke. Det gjer at eg må passe klokka sjølv eller stille inn ein annan alarm. Det vert til at eg satsar på armbandsuret. Det seier seg kanskje sjølv at det kan føre til at ein gløymer seg av og til ...

Frøkna hadde fått med seg at eg beundra mor mi si nye oppfinning sist vi var hos foreldra mine.  Det er ei alarmklokke med magnet. Då eg bakte brød i forgårs, var eg redd eg ville overhøyre henne, så eg letta på meg for å sjekke. Då ringte ho. Det er vel noko med den innebygde alarmen - eller kanskje lukta av ferdigsteikte brød?

2 kommentarer:

  1. Du er heimattkoma og ferdig med brødbakst allereie ?
    Fin stoppeklokke, ein kan ikkje lite heilt på den innebygde..

    SvarSlett
  2. Åtte dagar med hotellfrukost er luksus. Men etter kvart saknar ein heimebaka grovbrød ...
    Den nye omnen steiker så raskt at det er lettare å svi maten, har eg erfart.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...