Av Aasmund O. Vinje (1866)
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
:/: og best eg ser deg når mørkt det er. :/:
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
:/: og best eg ser deg når mørkt det er. :/:
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
:/: som skuggen gjeng etter soli si.:/:
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
:/: men snart eg sig atter ende ned.:/:
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
:/: men snart eg sig atter ende ned.:/:
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar,
når somt der borte eg ser seg snu,
:/: eg kvekk og trur det må vera du. :/:
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar,
når somt der borte eg ser seg snu,
:/: eg kvekk og trur det må vera du. :/:
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte- og felelåt,
:/: men endå best i min eigen gråt:/:
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte- og felelåt,
:/: men endå best i min eigen gråt:/:
Kjelde: http://www.aasentunet.no/
Eit av dei finaste dikta eg kjenner.
SvarSlettGod helg !
Det kan knapt seiast finare!
SvarSlettDå eg gjekk første året på realskulen, fekk nokre av oss i oppgåve å finne eit dikt og lese høgt i klassen. Eg valde dette diktet og las det frå kateteret. Eg angra etterpå, for publikum var ikkje modne for det!
SvarSlettNydeleg!!
SvarSlettGod helg!