lørdag 14. februar 2015

Apropos Valentine...

Av Aasmund O. Vinje (1866)

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
:/: og best eg ser deg når mørkt det er. :/:

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
:/: som skuggen gjeng etter soli si.:/:


Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
:/: men snart eg sig atter ende ned.:/:

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar,
når somt der borte eg ser seg snu,
:/: eg kvekk og trur det må vera du. :/:

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte- og felelåt,
:/: men endå best i min eigen gråt:/:

4 kommentarer:

  1. Eit av dei finaste dikta eg kjenner.

    God helg !

    SvarSlett
  2. Det kan knapt seiast finare!

    SvarSlett
  3. Då eg gjekk første året på realskulen, fekk nokre av oss i oppgåve å finne eit dikt og lese høgt i klassen. Eg valde dette diktet og las det frå kateteret. Eg angra etterpå, for publikum var ikkje modne for det!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...