Fofattaren får ulike oppdrag. Mi oppgåve har vore å passe hus og heim når han reiser vekk. No har vi unge menn heime som passar hus, så det er lettare for meg å hive meg med.
For 27 år sidan gjekk eg på heimkunnskap på lærarskulen i Bergen. Kanskje det var det beste året i livet mitt, har eg tenkt i ettertid. Eg gjekk gravid med eldstemann det året. Sidan det har eg ikkje vore der. Er det rart at eg har lyst attende? I morgon ettermiddag tek vi fly frå Vigra.
Om nokon blogglesarar er i Bergen og har lyst å kome på Litteraturhuset, så hadde det vore kjekt! Les om arragementet her.
torsdag 31. oktober 2013
onsdag 30. oktober 2013
Kurs og kontakt
- I går var eg så heldig å endeleg få gå på eit datakurs. Som ei venninne av meg uttrykte: Det er vi litt eldre lærarane som treng etterutdanning. Dei unge treng praksis."Eg har sett på dei nyutdanna med gode datakunnskapar, lage ulike oppsett. Det går rasande fort med snøggtastar. Sjølv kjem eg som oftast i mål med mine ark, men det tek tid. I går fekk eg lære ulike smarte metodar. Det glei litt inn korleis tankegangen bak word er. Allereie i dag tok eg i bruk "malarkosten", ein av funksjonane eg ikkje kunne. Det skal visst vere omtrent tre måtar å gjere det meste på.Vel heime mekka eg litt på kommandolinjene på denne datamskina. Eg fekk og demonstrert nokre knappar eg ikkje visste om. Den beste måten å lære noko på, er å finne seg eitt eller fleire offer. For kan du lære noko frå deg, då kan du det!I dag og i morgon står det kontaktmøte på planen. Det er givande, men travelt etter ein arbeidsdag.Dagens nyheit: No skal vi jule venene våre!
tirsdag 29. oktober 2013
Den gamle gode
Det tek si tid å strikke ein herregenser. Men no er det ikkje lenge før ermane vert ferdige. Spørsmålet er berre kor lange eg skal strikke dei. Så eg bad han som skal få genseren om å ta seg ein tur innom med gamlegenseren. Skal tru kva år denne vart strikka? Eg tippar det var til eit meisterskap. Eg synest å hugse at eg broderte litt av stjerna. Men det var mor mi som strikka han. Eg berre monterte.
No skal eg gjere eit par småreparasjonar på genseren og vaske han. For slutte å bruke han, vil eigaren ikkje. Det er ikkje farleg å legge mykje arbeid i ein genser når ein veit han vert brukt - og det i mange år!

mandag 28. oktober 2013
Irske suvenirar II
Eg synest det er kjekt å ta med seg noko heim frå tur som ein kan bruke til dagleg. Slike småting kostar lite, men vert ei dagleg påminning om ei reise til eit triveleg land. I Dublin og Belfast heldt den same suvenirbutikkjeden til. Det gjekk mykje i grønt og kløver. Eit lite fat til teposar.
May the road rise
up to meet you,
and may the wind be always
at your back
May the sun shine warm
upon your face
and the rain fall softly
on your fields
Kjøleskåpsmagnetar.
May the road rise
up to meet you,
and may the wind be always
at your back
May the sun shine warm
upon your face
and the rain fall softly
on your fields
Kjøleskåpsmagnetar.
søndag 27. oktober 2013
Årets lengste dag
Ein vert litt døgnvill første dagen med vintertid. Eg las forresten på nett at Island ikkje har vintertid? Eg liker ikkje denne overgangen med mørke ettermiddagar. Om morgonane mørkt når eg går på jobb uansett.
Dagen vart ikkje som planlagt. Eg kom meg ikkje inn på arbeidsplassen min. Eg har låst meg inn med det nye nøkkelsystemet før. Kva som skjedde i dag, veit eg ikkje. Men det er skikkeleg frustrerande å ikkje få gjere det ein har planlagt. Komande veke skal eg vere på jobb til klokka fem tre dagar. Det hadde vore ein fordel å fått ein god start på veka. Noko arbeid kan eg heldigvis gjere heimanfrå. Eit prøvesett er retta, og eg har fått laga arbeidsplan til elevane. Kopiering og anna får eg ta i morgon.
Til middag serverte eg nakkekotelettar i dag. I går steikte eg eit lammelår rett før det ville gått ut på dato. Det vart perfekt, om eg skal seie det sjølv. I morgon slepp eg å lage middag. Då står valet mellom restar av lammesteik eller kotelettar. Så får det bli fisk nokre dagar.
Resten av familien var på Høddvoll i dag. Sigeren i dag gir håp om opprykk.
Hausten er framleis mild hos oss. Vi merka at det bles i går. Snøggbåten vart visst innstilt.

lørdag 26. oktober 2013
Bok 51: Noe til besvær
Dette er ei litt merkeleg bok som er vanskeleg å putte i nokon sjanger. Ein får assosiasjonar til mellom anna Eastenders. Sjølve handlinga går føre seg over ein kort tidsperiode.
Utgangspunktet er ein familie med to vaksne born. Faren inbiller seg at han har fått kreft sjølv om legen seier det er eksem. Mora har funne seg ein elskar. Faren oppdagar dei i akta utan at dei veit det. Dette utløyser ein depresjon, og har får tilgang på valium. Dottera i familien skal gifte seg med ein mann ingen liker. Liker ho han sjølv, eller er det pengane hans som kan gi henne tryggheit, ho er ute etter? Sonen i familien har ein homofil kjærast. Kvifor er ikkje han velkomen i dette bryllaupet?
Dette er kvardagsdrama på høgt plan! Og det store høgdepunktet er brylaupet? Blogglesarane får lese boka sjølve om dei vil finne ut om dei vil leve lykkelege alle sine dagar!
Eg likte boka svært godt. I byrjinga var eg skeptisk til opplesaren. I utgangspunktet synest eg at engelske bøker ikkje bør lesast slik at ein dialekt skin igjennom. Men Bjørn Sundkvist si tilforlatlege opplesing fungerer svært godt!

fredag 25. oktober 2013
Strikkelyst
Det vert gitt ut mange bøker som eg får lyst på. Denne lånte eg på biblioteket då ho var ny, og så tenkte eg at eg kunne slå til når ho ein dag kom på sal.
Boka er ei fin grunnbok i strikking. Ein finn strikkeskule bak i boka. Elles er ho inndelt i kapittel med mange grunnmønster ...
... og andre mønster.
Dei fleste er enkle.
Ein finn eit eige kapittel med baby- og dukkeklede.
Sjølv las eg om Ola-Ola då eg begynte på skulen. Dei som er litt yngre enn meg, hugsar kanskje fi-fi?
Elles er der eit kapittel med ting til huset og eit med toving.
Eg synest boka høver godt for nybyrjarar og litt vidarekomne. Boka fungerer flott som oppslagsverk. Dei kreative kan bruke grunnmønstera som basisoppskrifter og utarbeide sine eigne plagg.
Og prisen? 149 kroner på ark.no

torsdag 24. oktober 2013
Gatelangs i Dublin
Ein skal ikkje så langt ut i verda før bybildet er annleis. Også i Dublin har bussane to etasjar.
Hestedrosjer.
Då eg var i London viste eg elevane bilde av mange skilt. I Dublin var skilthaldar eit eige yrke.
Eg lurte meg til å ta bilde av dei bakfrå.
Vikingen snudde seg akkurat i gjerningsaugneblinken.
Sparbutikkar var der ein del av.
Kanskje nokre kjenner att dette hotellet?
Butikkar i sentrum.
Utelivet er i Temple Bar district.
I denne butikken fekk ein kjøpe kunst, også på krus.
Elva Liffey deler byen i to. Ho kan kryssast fleire stader. den mest kjende brua er Ha'penny bridge. det kosta nok ein halv penny å krysse elva der i si tid.
Siste dagen gjekk vi og ned til ein av kanalane.
Det hender ofte, seinast i dag, at eg kjem i skade for å seie til elevar kva dei ikkje skal gjere. Då er eg alltid snar å seie "Og så sa dei at vi ikkje skulle putte erter i nasen ................... det hadde vi ikkje tenkt på før!" (Fritt etter diktet:) I London reagerte eg på alle forbodsskilta, gjerne med truslar om straff: Det var ikkje heilt fritt i Dublin heller.

onsdag 23. oktober 2013
Dobbeltime i historie
Då vi var i Dublin, besøkte vi Kilmainham goal. Der får ein berre gå rundt i grupper saman med ein guide. Det var ein fantastisk flink forteljar. Det han har å fortelje er ei svært sterk historie. Øystein tok bilde og har lagt ut på bloggen sin. Stikk gjerne innom.
tirsdag 22. oktober 2013
Inspirert av FWSS
Då vi skulle til Dublin, viste det seg at gutane skulle til Oslo på konsert. Frøkna fekk seg då ein liten miniferie hos besteforeldra i Ørsta. Eg foreslo at ho kunne ha med seg eit strikketøy. Det vart ikkje meir snakk om det før vi var i Dublin.
Ho hadde sjølv funne ei oppskrift på nett og gått innom TrådKråa og kjøpt garn. Garnet heiter Sandnes mohair silk. Vi la opp 130 masker på pinnar nr 3. Eg fekk låne ei ekte FWSS-hue av ein kollega for å sjå fellinga. Her har eg vaska hua i vaskemaskina på ullprogrammet på 40 grader.
Den var felt fire stader. Eg skifta frå rundpinne til fire pinnar og felte på byrjinga av kvar pinne (fire stader). Etterpå såg eg at eg burde ha variert mellom byrjinga og slutten av pinnen for å få ei beinare felling. Når ein ser vekk i frå det, er vi godt nøgde med prosjektet. Ho strikka hua, og eg strikka fellinga. Hua er så lett at der er sikkert tråd til ei hue til, minst.

mandag 21. oktober 2013
Spøtemøte
I ettermiddag har eg vore på spøtemøte på TrådKråa. Ein representant frå Raumaull viste dei siste modellane deira. Eg synest det var eit kjekt og inspirerande møte. Noko storhandel vart det ikkje med meg i dag. Eg prøver så godt eg kan å ikkje starte nye prosjekt før det gamle er avslutta.
Ein kunne ta med seg hefte, slike utan oppskrifter, men eg synest det er like greitt å bla i dei på nett.

søndag 20. oktober 2013
Nok ein nydeleg dag ...
... kan vi notere oss. Det er herleg 20. oktober. Her ute i "øyane" er nok litt mindre snø enn lengre inne der eg kjem frå. Melshornet vårt til høgre.
Her kan ein skimte fjella i Sula og Ørsta.
Det er framleis teikn til vegarbeid. Då vi kom heim frå Dublin, såg vi at gangvegen mellom Hareid og Ulsteinvik hadde vorte asfaltert. No kan dei i kommunen som ikkje har rett til skuleskyss, tore å sykle til UVS.
Eg ser det er mange som parkerer bilane sine og går tur på Rotarystien. Ein møter både kjende og framande. Eg synest det er viktig å kome seg ut midt på dag når ein kan. Den tida ein går heimanfrå i mørkret og heim att i mørkret, er den tyngste, synest eg.

lørdag 19. oktober 2013
19. oktober
Også i dag har eg kosa meg med å lage mat og dekke bord. Dei i familien som deltok i løp, var godt nøgde med eigne resultat. Sjølv gjekk eg meg berre ein liten tur.
På menyen i dag stod det thailandsk fiskegryte og tilslørte bondepiker, begge delar etter oppskrifter frå skulekjøkenet.
Ein blogglesar ville vite korleis det går med strikkeprosjektet. Det går heller sakte framover. I dag har eg strikka genseren saman på skuldrane og felt rett av. Eg skal ta opp masker til hals som i oppskrifta. Etterpå syr eg med maskin og klipper vekk det som vert til overs. Eg vel då å strikke dobbel hals for å få det pent. Brota til ermane har eg strikka tidlegare i veka. No skal eg strikke litt på kvar. Det vert nok til at eg strikkar noko einsfarga etter dette prosjektet ...

fredag 18. oktober 2013
18. oktober
I dag ventar vi over nattingsbesøk av svoger som har eit ærend i bygda. No har eg kyllinglår i omnen. Det er enkel mat. No skal eg berre lage salat, saus og koke ris.
Eg har ei kjensle av at det er siste blomsterbukett eg plukkar inn frå hagen i år?Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!
torsdag 17. oktober 2013
Suvenirar frå Irland I
Blogglesarane hugsar kanskje at i sommar starta eg ein ny suvenirhandel, brødbakebøker. Særleg den svenske har eg brukt ein del. Det er kjekt å søke informasjon i andre land. Før grytebrøda kom til Noreg, hadde eg studert framgangsmåten på YouTube til dømes. Også knaefrie brød meiner eg kom frå Amerika.
Dette mjølet fann eg på Bunnpris i går. Det liknar kanskje litt på det utanlandske mjølet som vert brukt til mellom anna pizza og focaccia. I dag var eg fast bestemt på å bake ein pizza frå boka. Problemet var at eg ikkje hadde fått med meg at deigen skulle heve i 24 timar, berre med 2 g gjær.
Berre tipset med salvie på toppen tok eg med meg. Denne pizzaen får eg lage ein dag eg har planlagt betre.
Eitt tips har eg tatt med meg, hevemetoden. På skulekjøkenet har eg nokre flatare skåler. Vanlegvis bruker eg lok eller tallerk for å få mest muleg lufttett miljø. Spesielt for born kan det vere kjekt å følgje med på hevinga gjennom glas. Den store bollen kan ein og legge over eit rundt brød når det hevar.
Framhald vil nok følgje. Boka inneheld fleire ulike bakemetodar og mange oppskrifter.
Apropos YouTube: Sjekk bokmelding her.

onsdag 16. oktober 2013
Å kome til Irland
Det er travle tider om dagen med møte, flaskeinnsamling og vikartimar, berre for å nemne noko. Eg har derfor seinka ambisjonsnivået her på bloggen. I staden for ein stor presentasjon av turen, får det kome nokre drypp.
Det første som slår ein når ein kjem til Irland, er at alle skilt er på to språk. Det er ikkje så mange som har irsk som førstespråk, men alle må lære det, fekk vi fortalt.Då eg spurde elevane mine om dei ville sjå bilde og høyre om turen slike g gjorde då vi var i London, var det ein elev som meinte at det ikkje måtte vere så mange bilde av skilt. Eg synest skilt er lærerikt!
Hotellet vårt låg ved sida av den berømte parken St. Stephen's green. Den vart stengd kl. 18. Vi såg at der var strengt. Ein kar som hadde ølboksar i veska, måtte forlate parken sjølv om han hevda hardnakka at det var til seinare bruk.
I tillegg til at det ere ein vakker park, er der og mange kunstverk.
De ser sikkert kva dette kunstverket må heite?
Eg tok sjølvsagt bilde av tittelen også!
... som at det veks fuksiar høge som buskar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)