søndag 20. oktober 2013

Nok ein nydeleg dag ...

 ... kan vi notere oss. Det er herleg 20. oktober. Her ute i "øyane" er nok litt mindre snø enn lengre inne der eg kjem frå. Melshornet vårt til høgre.
Her kan ein skimte fjella i Sula og Ørsta.

Det er framleis teikn til vegarbeid.  Då vi kom heim frå Dublin, såg vi at gangvegen mellom Hareid og Ulsteinvik hadde vorte asfaltert. No kan dei i kommunen som ikkje har rett til skuleskyss, tore å sykle til UVS.

Eg ser det er mange som parkerer bilane sine og går tur på Rotarystien. Ein møter både kjende og framande. Eg synest det er viktig å kome seg ut midt på dag når ein kan.  Den tida ein går heimanfrå i mørkret og heim att i mørkret, er den tyngste, synest eg.


1 kommentar:

  1. Ser de hadde betre ver oppe hos dykk enn her i Ryfylke i dag. Her har det regna, meir eller mindre. Når det gjeld å komme seg ut midt på dagen, er eg heilt einig. Budde eit år i Finnmark (førstegongstenesta) og hadde fri eit par timar midt på dagen. Dei to timane berga heile finnmarksopplevinga for min del! No for tida er det litt verre. Har klasserom inst i ein krok, og ikkje alltid like lett å rømme frå timeplanar og stilretting... Då er helgene gull verdt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...