torsdag 17. oktober 2013

Suvenirar frå Irland I

 Blogglesarane hugsar kanskje at i sommar starta eg ein ny suvenirhandel, brødbakebøker.  Særleg den svenske har eg brukt ein del. Det er kjekt å søke informasjon i andre land.  Før grytebrøda kom til Noreg, hadde eg studert framgangsmåten på YouTube til dømes.  Også knaefrie brød meiner eg kom frå Amerika.
 Dette mjølet fann eg på Bunnpris i går. Det liknar kanskje litt på det utanlandske mjølet som vert brukt til mellom anna pizza og focaccia. I dag var eg fast bestemt på å bake ein pizza frå boka.  Problemet var at eg ikkje hadde fått med meg at deigen skulle heve i 24 timar, berre med 2 g gjær.
Berre tipset med salvie på toppen tok eg med meg.  Denne pizzaen får eg lage ein dag eg har planlagt betre.
 Eitt tips har eg tatt med meg, hevemetoden.  På skulekjøkenet har eg nokre flatare skåler. Vanlegvis bruker eg lok eller tallerk for å få mest muleg lufttett miljø.  Spesielt for born kan det vere kjekt å følgje med på hevinga gjennom glas. Den store bollen kan ein og legge over eit rundt brød når det hevar.

Framhald vil nok følgje.  Boka inneheld fleire ulike bakemetodar og mange oppskrifter.

Apropos YouTube: Sjekk bokmelding her.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...