mandag 14. oktober 2013

Togtur til Belfast

Før vi reiste til Dublin, fekk vi tips om at det var enkelt å ta tog til Belfast.  Vi undersøkte togtidene, og fann ut at toga gjekk annankvar time. Eg meiner vi betalte 38 euro for ein tur-returbillett.  Passa som vi sjølvsagt tok med, vart det aldri spørsmål om.



Vel framme i Belfast fann vi oss ein "hop-on-hop-off"-buss. Turen starta i fint solskinsver, men så kom det ei byge som gjorde at vi sette oss inn.  Bilda vert derfor ikkje så fine som dei kunne ha vore.

På bussen var det ein kvinneleg guide som heldt ein dobbeltime i historie medan bussen køyrde rundt.  Vi kunne ha hoppa av på Titanic-museet, men gjorde det ikkje.  Tudors var til dømes innspelt i filstudioet de ser på bildet.
Samson og Goliath er kjende landemerke.
Vi fekk sleppe inn på parlamentsområdet etter ein sikkerheitssjekk.
Monument over Carson, motstandar av IRA.
På veg ut tok eg sjansen på å ta bilde av kontrollstasjonen.
Vi fekk sjå litt av byen ...

... før bussen tok oss med til dei katolske og protestantiske områda som er skilde med ein 6 km lang mur.
Det er ikkje vanskeleg å forstå kva område ein er i. Her får bilde seie meir enn ord.






"We can't stand each other, but we love tourists."  Guiden var flink å fortelje, sjølvsagt, og ho hadde små artige historier undervegs. Det nye sjukehuset hadde Prins Charles kalla stygt. På folkemunne vart det deretter kalla Camilla.  Ikkje at ho hadde noko i mot Camilla. (Blogglesarane veit at det har ikkje eg heller.)

Turen til Belfast er vi svært glade for at vi tok.  Det er ein ting å lese om noko, og noko heilt anna å få det fortalt der det skjer.  Eg trur nok at eine kapittelet i tiandeklassepensumet i engelsk skal bli formidla litt meir interessant heretter.

3 kommentarer:

  1. Hm, såg ut som ein fascinerande by å besøke, sjølv om det ikkje er så kjekt med murar mellom menneske. Fint med inspirasjon til undervisninga!

    SvarSlett
  2. Det er ei heilt spesiell oppleving å køyre gjennom desse distrikta og føle spenninga, sjølv om der skal vere trygt. Det som er malt på murar seier sitt.

    SvarSlett
  3. Interessant å lese og å sjå bilda dine !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...