Og som kvart år synest ein at i år skal det bli spesielt godt med ferie. Vi har ein tendens til å legge opp til mykje å gjere veka før det er ferie. I år er ikkje noko unnatak.
Ikkje har det vorte så mykje tid til strikking heller. Eg har ikkje starta på ermane denne gongen. Det ville blitt så mange nøste å halde greie på. Men når eg er ferdig med bolen, kjem eg til å drive det eg kallar parallellstrikking av ermane. Eg merkar det på skuldrene at det er eit stort arbeid. Derfor går det sakte.
Genseren starta eg å strikke valdagen. Sidan då har vi fått mørkeblå regjering. Det står att å sjå korleis det vil gå. Det er ikkje så lett å ta frå folk goder.
Du skulle ikkje starta med mørkeblått på valdagen. Det kunne bli slik!
SvarSlettVeldig fin genser!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
SvarSlettDe er svart og grått med litt lyseblått :-) Oppskrifta hadde eg venta på. Ha som skal få de, er no svært glad i raudt.
SvarSlett