Fofattaren får ulike oppdrag. Mi oppgåve har vore å passe hus og heim når han reiser vekk. No har vi unge menn heime som passar hus, så det er lettare for meg å hive meg med.
For 27 år sidan gjekk eg på heimkunnskap på lærarskulen i Bergen. Kanskje det var det beste året i livet mitt, har eg tenkt i ettertid. Eg gjekk gravid med eldstemann det året. Sidan det har eg ikkje vore der. Er det rart at eg har lyst attende? I morgon ettermiddag tek vi fly frå Vigra.
Om nokon blogglesarar er i Bergen og har lyst å kome på Litteraturhuset, så hadde det vore kjekt! Les om arragementet her.
Visste ikkje at det var SÅ lenge sidan du hadde vore i Bergen. Ønsker deg god tur!
SvarSlettEg kon på i dag at eg faktisk har vorei Bergen eit par gongaer på kurs, men det var berre ved flyplassen ...
SvarSlett