Også i dag har eg kosa meg med å lage mat og dekke bord. Dei i familien som deltok i løp, var godt nøgde med eigne resultat. Sjølv gjekk eg meg berre ein liten tur.
På menyen i dag stod det thailandsk fiskegryte og tilslørte bondepiker, begge delar etter oppskrifter frå skulekjøkenet.
Ein blogglesar ville vite korleis det går med strikkeprosjektet. Det går heller sakte framover. I dag har eg strikka genseren saman på skuldrane og felt rett av. Eg skal ta opp masker til hals som i oppskrifta. Etterpå syr eg med maskin og klipper vekk det som vert til overs. Eg vel då å strikke dobbel hals for å få det pent. Brota til ermane har eg strikka tidlegare i veka. No skal eg strikke litt på kvar. Det vert nok til at eg strikkar noko einsfarga etter dette prosjektet ...
Flott dekket bord og nydelig genser. Et tips er å plukke opp masker med heklekrok og garn. Det blir alltid vellykket.
SvarSlettEg bruker strikkepinnen. Prinsippet vert det same. Elles har eg planar om å lære meg å montere utan symaskin, i alle fall framme på jakker. Eg kjøpte meg ei bok i Dublin som eg kjem attende til.
SvarSlettGenseren er kjempefin. Trur han kan legge vekk den gamle "yndlingsgenseren" no.
SvarSlettVi bør kanskje prøve å få kloa i den!
SvarSlett