onsdag 30. oktober 2013

Kurs og kontakt

  • I går var eg så heldig å endeleg få gå på eit datakurs.  Som ei venninne av meg uttrykte: Det er vi litt eldre lærarane som treng etterutdanning.  Dei unge treng praksis." 

    Eg har sett på dei nyutdanna med gode datakunnskapar, lage ulike oppsett.  Det går rasande fort med snøggtastar.  Sjølv kjem eg som oftast i mål med mine ark, men det tek tid.  I går fekk eg lære ulike smarte metodar.  Det glei litt inn korleis tankegangen bak word er. Allereie i dag tok eg i bruk "malarkosten", ein av funksjonane eg ikkje kunne.  Det skal visst vere omtrent tre måtar å gjere det meste på. 

    Vel heime mekka eg litt på kommandolinjene på denne datamskina.  Eg fekk og demonstrert nokre knappar eg ikkje visste om.  Den beste måten å lære noko på, er å finne seg eitt eller fleire offer.  For kan du lære noko frå deg, då kan du det!

    I dag og i morgon står det kontaktmøte på planen.  Det er givande, men travelt etter ein arbeidsdag.

    Dagens nyheit: No skal vi jule venene våre! 

1 kommentar:

  1. Eg kunne tenkt meg datakurs her eg slit med ny PC med Windows 8.
    Det er noko nytt heile tida så ein må jammen ha opne sansar....
    God tur til Bergen !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...