Mykje kan seiast, og vert sagt, om smør for tida. Etter mange år med smørberg i landet og verdsdelen, er det no smørmangel. Nokre gir sommaren skulda, medan andre skuldar på lavkarbodietten. Sjølv er eg feista til å legge til dei som hamstrar. Det skjer noko med folk når det vert mangel på noko. Sjølv reagerer eg motsett. Eg tenker at eg skal alltids greie meg utan smør til det vert overskot att. Når dei som hamstrar skal tære på lagra sine, vert det sikkert nok til oss andre. Får eg tak i fløyte og rømme, så skal det bli jul med eller utan smør. Og då skal eg ikkje kinne.
Solveig kva betyr det å vere smørblid?
I går var det nokre tiandeklassingar som ville ha svar på dette. Slike spørsmål vert eg glad for! Ungdomar bør både lære og bruke slike uttrykk. Det viser elles at på same måte som finger ikkje berre er ein kroppsdel, kan også smør brukast på fleire måtar. Eg svarte at det er å vere litt kunstig blid. For å vere heilt sikker sjekka eg ordlista.
| ~blid ovende blid; tilgjort blid |