Fletteloff ½ pk gjær 1 ms margarin ½ ts salt 1 ts sukker Ca |
- Del gjæren opp i ein bakebolle.
- Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk (blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
- Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
- Rør inn salt (og sukker).
- Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
- Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.
Utbaking:
- Set steikeomnen på 220 grader.
- Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
- Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
- Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
- Avkjøl brødet på rist.
Eg synest det fungerer godt å ha prøve i tre timar. Elevane lagar først deigen og viser den til meg. (Dei får berre den delen av oppskrifta som er i ruta, altså ingrediensane.)Då startar teoriprøva delprøve 1. Deretter flettar dei loffen slik dei vil, før dei tek delprøve 2. Oppvask og vurdering til slutt. Eg dokumenterer gjerne med bilde. Eitt punkt skal eg forandre, nemleg på punkt 3. Dei har ein tendens til å bruke lang tid på å hakke og røre ut gjæren. Det ordnar seg medan dei har i salt og sukker. Tempoet er som regel ikkje så høgt ...
For ordens skuld: Eg er ikkje lærar til eigne born.