fredag 8. juli 2016

Preston Garden

I dag starta dagen litt grått, så vi bestemte oss for å besøke ein kjend hage. På hotellet himla dei med augene då dei forstod at vi skulle gå! Det var altfor langt, så vi måtte ta 5 bussen. Mannen såg på kartet. Det tok oss 35 minutt roleg gange. Og då får vi sjå så mykje meir!

 På grunn av tekniske problem, må eg bruke mannen sine bilde, og han insisterer på at eg skal vere med...


Der var store område med roser. Sjølv synest eg at blomsterenga var meir imponerande.
Elles skulle eg ønske der var namneskilt på rosene slik som i Frognerparken. Då kan ein la seg inspirere til neste rosekjøp.


På andre sida av vegen var steinhagen.
Eg er så imponert over skiltinga i England!
Der var også ein flott dam med vassliljer i ulike fargar.


Ei ekstaoppleving langs vegen: Lovers walk - ein blindveg!


3 kommentarer:

  1. Eg hadde ønska meg ein hage med fossar og dammar om det hadde vore oppnåeleg. I år har eg stort sett nok med plenen.

    SvarSlett
  2. Ååå, dit har eg lyst å reise! Det ser heilt fantastisk ut! Eg var i Eastbourne i ungdommen, og kunne gjerne tenke meg litt meir av England. Håpar nokon vil vere med...

    SvarSlett
  3. Det har vore kjekt å få sjå fleire stader! Eg var på marknaden i går. Då kunne eg tenkt meg eige kjøken slik at eg kunne kjøpt frukt og grønt, kjøt, egg og fisk - rett frå marknaden!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...