tirsdag 28. oktober 2014

Tatt av SSR

Ein må vel berre innsjå at denne har gjort sin misjon. Ein gong på syttitalet vart kassetthaldaren kjøpt for oppsparte midlar, og nyttegjenstanden pynta opp på rommet mitt.  No har vi ikkje noko å spele av verken kassettar eller videokassettar på.

(SSR = Søre Sunnmøre Reinhaldsverk)

6 kommentarer:

  1. Ja en slik en har visst jeg også et sted.
    Har nok både kassett og videospiller.
    Men bruker bare videospilleren en sjelden gang.
    Gir gode minner.
    Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  2. Artig!
    Men kan ikkje samle på alt..

    God natt!

    SvarSlett
  3. Du er flink som kastar. Her i huset er det ei viss tru på at etterkomarane skal sette pris på gamle ting....Ein skulle ha flytta i mindre husvære så rydding og kasting vart nødvendig.

    SvarSlett
  4. Eg har den snart 25 år gamle ghetto-blasteren med kassettspelar på syrommet - den har ein godt fungerande bass-knapp.
    Ein god gamal CD-spelar av den særs mobile sorten er kobla til! Høgtalarane er svært gode. Eg har igjen nokre få kassettar - utan cover - inkludert Gasolin', dei er tekne vare på fordi dei gjer godt i kreative stunder.
    Ghetto-blasteren vert ikkje fjerna så lenge den verkar så godt!

    (eg har også ein liten flatskjerm festa i skråtaket.)

    SvarSlett
  5. Ved siste opprydding gjekk alle lydkassettane i bosset, og ein god del videokassettar gikk samme vegen. MEN-vi har VHS avspelar og mange filmar, så kanskje........

    SvarSlett
  6. Vi kastar ikkje Vhs med private filmar av borna.
    Av og til må ein berre tenke at det ein ikkje har hatt bruk for på ei stund, kjem ein ikkje til å sakne.
    Men eg liker ikkje å kaste!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...