onsdag 8. oktober 2014

Kunst i Karlstad

Vi låg ei natt i Karlstad.  Det er ein by vi har vore i fleire gonger, men då berre om somrane.  Denne gongen bestemte vi oss for å gå på museum.
 Der var ei utstilling med Värmland si historie frå dei aller eldste tider til vår tid.
 Eg meinte å dra kjensel på tannglasa?
Bror min hadde ein Rubiks kube.  Eg vart aldri like flink som han med den.
I bygget var det og kunstutstillingar.  Noko av kunsten var til sals.

 Vi såg installasjonar av ulike ting.  Denne var med teakmøblar.
Når ein er på tur utan born, er det kjekt å oppsøke museum og kunstutstillingar, synest vi.  Dette museet med kunst vil eg absolutt anbefale!  

(Eg meiner sjølvsagt ikkje at born ikkje skal vere med slike stader!)

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...