fredag 31. oktober 2014

Jernteppe

Det har hendt meg ein gong før, og det var for mange år sidan.  Ei eller anna feilkopling skjer i hovudet når eg skal slå inn bankkortkoden min. I går stod eg i ein butikk og tasta inn det eg trudde var koden to gonger. Ho som skulle ha pengane åtvara meg mot å gjere feil ein tredje gong.  Eg køyrde heim og lånte kortet til frøkna. 
Vel heime dukka koden opp i hovudet.  Det er den same som eg bruker på bankkalkulatoren, så frøkna fekk att pengane sine - og eg sjelefreden.  Koden skreiv eg ned på ein lapp som eg kunne ta med neste gong eg handla, tenkte eg.  Men i dag hadde eg gløymt heile problemet før eg stod i ein butikk og tasta feil på nytt.  Etter to feilinntastingar, for eg heim att etter lappen. Men då var det slutt.  Kortet vart sperra.  Det var berre å køyre heim etter eit anna kort.
Etter denne seansen var eg temmeleg oppgitt over meg sjølv.  Eg tenkte tilbake på då eg stod på Nordea på Karl Johan i kø og fekk ordna opplåsing av kortet.  Ein får berre å slappe av og teste kundesørvisen. Den var det ikkje noko å seie på.  Etter nokre tastetrykk fekk eg høyre at eg var fordelskunde og skulle bli prioritert i køen.  Ei hyggeleg stemme svarte med ein gong.  Kortet er no opna, og eg har ein sjanse til å taste rett.  Ville eg ha ny kode, måtte eg vente.

Koden min har, etter råd frå banken, aldri vore nedskriven nokon stad.  Alt eg kjøper vert betalt med kort.  Men no har to tal bytt plass i hovudet mitt.

I morgon skal eg legge litt pengar i lommeboka før eg kjøper noko lite. Og frå no skal ikkje koden vere langt vekke, for dei to tala vil stadig spele meg eit puss.

God helg!

P.S
Bilda er tekne med mobiltelefon ca 7.45 i dag tidleg.  Det er kjekt å kunne gå på jobb!

6 kommentarer:

  1. Det ein ikkje må gjere før ein slår inn koden er å sjå på beløpet ein skal betale. Det har sjeldan hendt at eg ikkje har hugsa koden min.Men telefonnummeret vårt kan somme gonger vere heilt vekke.Ein må ha ein kode som har samband med noko anna. Eg har t.d. eit gammalt postnummer som ikkje lenger er i bruk, men som eg hugsar.

    SvarSlett
  2. Ein får ikkje velje kode sjølv, men no har eg laga meg ein liten regel...

    SvarSlett
  3. I Sparebanken Møre får ein velje kode sjølv...
    Heldigvis :)
    Blir lettare då.
    Mvh. V.

    SvarSlett
  4. Eg fekk no velje kode sjølv, i banken!

    SvarSlett
  5. Ikkje alltid enkelt det der..
    Men god kundeservice er bra å ha.

    Ha ei flott november helg :-)

    SvarSlett
  6. Eg har sikkert tasta rett 1000 gonger. Merkeleg med den hjernen ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...