fredag 24. oktober 2014

Bok 54: Jeg har et teppe i tusen farger

I denne romanen har Anne B. Ragde nøsta i livet til mor si.  Ho skildrar forholdet til mor si med humor og varme.  Ikkje alt er like lett å ta opp, og måten ho skildrar det på, gjer dette til ei svært sterk og gripande bok.

Mor hennar var dansk.  Ho gifta seg i Noreg og fekk to born. Så vert ho forlatt av ektemannen og bryt saman.  Korleis ho reiser seg og tek seg av hus og heim ved å jobbe i eit typisk mannsyrke, er interessant lesnad.  Då Anne seinare vert åleine og kunne trenge hjelp med sonen, seier ho at no vil ho leve slik ho sjølv har ønska, og så flyttar ho til Oslo.  Forfattaren må sidan gå i seg sjølv og sin eigen egoisme, som då ho let mora koste det første bryllaupet hennar.

Forfattaren får og sett fingeren på manglar i det norske helsesystemet.  Då mora er på sjukeheim etter å ha tatt cellegift, handlar dei inn og lagar til det ho har mest lyst å ete.  Det er mora svært takknemleg for.  Denne lesaren tenker i alle fall at det er det kokken er der for?

Ordtaket "Nød lærer nøgen kvinde at spinde" vil høve for delar av romanen.  Ein begynner å tenke på kva det er å vere fattig?  Anne vert rik.  Ho og mora reiser utanlands, også når mora er for sjuk.

Dette er ein roman som gjer noko med ein.  Eg trur folk på min alder og eldre vil like romanen svært godt.  Yngre lesarar har ikkje levd i tida, men kan likevel godt leve seg inn i romanen.


3 kommentarer:

  1. Eg trur du vil like den!
    God helg til deg og!

    SvarSlett
  2. Eg likte godt denne boka, og er no i gang med å lese Arsenikktårnet om att. Eg synest Ragde tek opp mange interessante tema i tilknyting til forhold mellom mødrer, døtrer og bestemødrer, og ein får gode forklaringar på val som er gjorde og evner som manglar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...