lørdag 1. november 2014

1. november

I dag har eg vaska hus og laga blandabalj.  Ein biverknad av eit sjukehusbesøk, var at eg fekk frakta fisk utover.  Målet for dagen var å lage så mykje blandabalj at eg har til ein middag i veka fram mot jul.  I morgon er planen å lage fiskekaker til tilsvarande mange måltid.

Men ein tur på folkebiblioteket tok eg meg tid til.  Der fann eg meg nokre bøker i dag og.  Berre eg no greier å kome meg gjennom den eg held på med.  Det går mildt sagt treigt.

Det skal visst vere handlefri dag i dag, men eg måtte prøvekøyre bankkortet før eg oppsøker enkelte butikkar i bygda.  Med kontantar i reserve og nedskriven kode, følte eg meg trygg på at det skulle gå bra.  Og det gjorde det.  Blogglesarane skal snart få sjå både det nye og dei snart ferdige handarbeidsprosjekta mine.  Det eine er rett nok frøkna sitt.

Etter ein kjølig og klår oktoberdag i går, vakna vi til 17 grader og regn i dag. Ein kan håpe på ein fin november!

4 kommentarer:

  1. Etter at Einar var reist, kom eg på at eg kunne ha sendt med han både aviser og minnepenn.

    SvarSlett
  2. No har eg lesestoff, men du har nyare bøker!

    SvarSlett
  3. Er det hyse du lagar blandaball av ? Eg har aldri laga det, men har smakt nokre gongar.

    SvarSlett
  4. Eg lagar av sei, for det er det eg har. Men den vert sikkert kvit og fin av hyse - og god!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...