torsdag 20. november 2014

Bok 57: Jenta som sluttet å snakke

Dette er den fjerde krimboka med journalisten Kajsa Coren.  Romanen har fått merksemd for miljøet ho har tatt tak i. Karsten, mannen til Kajsa, er sjukmeld politimann.  Han kjem seg bokstavleg talt på beina att.

Romanen er lettlesen og underhaldande. Mordgåta og oppklaringa følgjer oppskrifta på krimroman.

 Det er sjølvsagt artig å lese frå sitt eige nærområde.  Nokre stader er oppdikta medan andre er kalla med sitt rette namn.

Trude Teige burde sjølvsagt ha skrive på nynorsk når ho er sunnmøring og skriv frå Sunnmøre. Stivt bokmål kler ikkje romanen. Opplesaren les til dømes Go'øya i staden for Godøya.  Det vert berre heilt feil for lokalkjende!

1 kommentar:

  1. Når det gjeld språk og opplesing er eg heilt enig. Elles hugsar eg lite frå boka som eg las for kort tid sidan. Så eg får sjekke bloggen min.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...