lørdag 22. mars 2014

Oslo i går

I går reiste eg på dagstur for å vere med på fagdag og årsmøte i LMHS. Eg trur vi var nærare 100 personar samla i Helsedirektoratet.  Eg fann lett fram.  Då eg trudde eg skulle vere der, møtte eg ei hyggeleg dame som peika på næraste hus.  Vi heldt saman mykje av dagen. Bildet knipsa eg på Karl Johan, og passa på å få med min eigen skugge.

Det var fire interessante foredrag.  Spesielt hadde eg sansen for ein dansk professor som arbeider med UNGKOST.  Det spørs om eg skal skrive eit heilt blogginnlegg om hennar foredrag. Dei andre var kanskje meir skulefagretta.

På førehand hadde eg bekymra meg for det meste. To vekkerklokker stod på 5.00.  Eg hadde kopiert ut arka med kvittering for turane som back up til telefonbilettane.  På Vigra var eg så smart å seie til vektaren i det eg gav han telefonen til bilettkontroll, at eg prøvde det for første gong.  "Det går bra det, berre du skal til Røros!". Det tok meg nokre sekund å forstå at eg hadde kome ut for ein humorist. Resten av reisa la eg sjølv mobilen på ulike skjermar.  Slik kan ein gjere når ein reiser med berre handbagasje, noko eg ikkje gjer kvart år.  Frøkna fekk meg til å "screen-shotte" meldingane frå flyselskapet.  Då hadde eg billetten også på bildegalleriet på mobilen.

Det var berre ein ting eg ikkje hadde bekymra meg for, nemleg veret.  På venterommet møtte eg ein av næringslivstoppane her. Han håpte snøggbåten gjekk og flyet var i rute, for han skulle vidare.  Båten gjekk.  Sjølv er eg ikkje så glad i bølgjer, men det gjekk greitt. Vi vart åtvara om turbulens på flyet, men det merka vi lite av.  I Oslo var veret strålande.  Vi merka ein liten mild vind.  Tilbake på Gardermoen møtte eg sunnmøringar.  Der var snakkisen ein storm dei hadde høyrt om, men ikkje trudde på. På denne turen var åtvaringa om turbulens reelle. Det vart heilt stille i flyet medan det stod på.  Eg vart ikkje redd, berre utruleg kvalm.  Vel framme på Vigra, hadde eg fem minutt på å nå bussen.  Det gjekk akkurat.  Ein busstur på svingete vegar var relativt tøft for meg i min tilstand. Tid til frisk luft var det ikkje på Valderøya, ikkje nok i alle fall.  Eg prøvde å dra ein vits om at eg håpa det ikkje var turbulens på snøggbåten.  Heldigvis var berre halve turen i grov sjø.  Eg greidde meg heilt til eg kom heim.

Heimturen er eg ferdig med.  Den skal ikkje få overskugge resten av dagen. Eg er ei erfaring rikare, og no veit eg kva turbulens er ...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...