mandag 31. mars 2014

Bok 17: I krig og kjærleik

Samlaget skriv:
Medrivande og spennande roman om farleg kjærleik under den andre verdskrigen!
Gestapo-agenten Bjørn har hamna på Landssviksfengselet i Trondheim. Også kjærasten Dagny, som er tenestejente, blir i løpet av krigsåra ein like kynisk agent som Bjørn. Som Rinnan og andre agentar i Trøndelag hamnar dei i eit farleg spel der ingen kan vere trygge på at dei andre er dei dei gir seg ut for å vere.
Dette er ein historisk roman om dei som hamna på feil side - ein medrivande og spennande roman om farleg kjærleik under den andre verdskrigen.

Mykje kan skrivast om denne romanen. Ordet medrivande høver godt, synest eg.  Det var reint tilfeldig at eg treiv boka med meg då eg skulle til Oslo førre fredag.  Eg  las berre eit par kapittel då.  I går tok eg romanen fram att, og då var det fort gjort å lese ferdig.

Tida er kanskje moden for andre typar bøker frå andre verdskrig.  Hovudpersonane i denne romanen har hamna på feil side i krigen.  Han er mobbeofferet som får hemne seg på både lærarar og medelevar.  Ho vert utnytta både heime og på jobb.

Romanen vekslar i tid mellom krigen og ved krigsslutt og krigsoppgjer.  Eg har andre boka i serien liggande på vent.
 Som blogglersarane veit, les eg mange lydbøker, så når eg les papirbøker, liker eg best å lese nynorsk eller engelsk.  Bokmål vert det lese mykje av uansett.

Styrken, men også svakheita til nynorsken, er at ein kan skrive nært dialekten.  Men eg liker ikkje at korrekturen slepp gjennom det som er direkte feil.  Denne s-en i brukande verkar som han breier seg.  Elevar skriv både gåandes og strålandes. Det er ikkje brukande å skrive brukandes!

Elles så måtte eg slå opp au. Og ein kan faktisk skrive au for også eller og. Noko anna er om ein bør gjere det.  Fleire stader skriv ho ukse for okse.  Ordlista må fram att: Det er fare for at ein kan lære noko nytt!  Men nei, det heiter framleis berre okse.  Eg meiner elles at forfattaren med fordel kunne valt nokre meir "safe" nynorskord og -uttrykk. Då tenker eg til dømes på lys i staden for ljos.
Du må ikkje kome her, som Øystein Sunde seier.  Kva seier blogglesarane?  Er det for pirkete å meine at ein er her, men kjem hit? Er uttrykket greitt her?

Kven høver boka for?
Eg vil tru at dette er ein roman som også vil fenge unge lesarar. Det er ei ekte slukebok. Ein snakkar og om flyplasslitteratur.  Denne boka høver godt på reise for folk som gjene vil lese nynorsk, kanskje for 16-19-åringar som har nynorsk anten som hovudmål eller sidemål?

Sjølv kjem eg nok til å lese Krigens skugge med det første!

1 kommentar:

  1. Eg meiner sjølvsagt at ein skal halde seg til det som er lov, og etter mi meining er det litt for mykje som er lov-eller litt for lite, alt etter om det samsvarer med min dialekt. Såg forresten seinast i dag at det er lov å skrive teksta, mens eg meiner det skal vere teksten. At dei kjem HER synest eg er greitt i denne setninga, sidan det kan forståast som dei kjem for å vere HER. Ikkje alltid så godt å forklare kvifor ein meiner at ord og vendingar er feil eller rett, det har med følelsar å gjere også. Eg likar godt å lese nynorsk på papir, men likar at språket er mest mulig normalisert og ikkje inneheld for mykje dialekt-språket må flyte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...