Denne jakka starta eg å strikke fordi eg kunne tenke meg ei enkel, mørkeblå jakke som kan passe til blå bukser og blå skjorter - som eg har nokre av. Skjortene vert ofte ikkje brukte anna enn vår og haust. No vert det meir heilårsplagg.
Eg kjem til å tenke på OL i Sotsji når eg tenker på at eg strikka jakka. Særleg spennande mønster er det ikkje: 6 pinnar rillestrikk i Finull og 3 pinnar glattstrikk i Plum. Rillestrikk veks mykje saktare enn glattstrikk også. Eg har lagt mykje arbeid i jakka, så no satsar eg på at ho vert mykje brukt.Mønsteret finn ein i dette heftet. Elles kan eg røpe at eg har begynt på ei anna jakke i same heftet der mønsteret er mykje meir variert. Framhald vil følgje.
Fin og anvendelig jakke. Eg kan hugse at eg strikka bukse til Margrete under EU-avstemminga i 1972- kvar gong eg såg den, tenkte eg på pila som heldigvis peika rett veg til slutt. Men spenning var det.
SvarSlettDet hugsar eg og. Men det er vel OL - huene som vil bli hugsa av andre.
SvarSlettKjempefin!
SvarSlettPraktisk også.
God helg :-)
Kjempeflotte jakke, Solveig!
SvarSlettTakk for det alle saman. Eg tek det og som eit godt teikn at frøkna kunne tenkt seg ei.
SvarSlett