tirsdag 11. mars 2014

Bok 14:Når havet stilner

Frå omslaget:
«Når havet stilner» er den tredje boka i serien om William Wisting Et tåkete, folketomt Stavern, utenfor sesongen: En mann blir funnet bevisstløs på trappa til byens apotek. Han er skutt i magen. Og det er tydelig at noen ville at han skulle bli oppdaget. Snart finner politiet forkullede beinrester på en branntomt i nærheten. Når så et oppsvulmet lik skylles inn på stranden, forstår William Wisting at han har å gjøre med en kriminalsak av helt nye dimensjoner. 

Denne romanen vart utgitt i 2006, men kom først i lydbokutgåve i fjor. Det er sjølvsagt kjekkast å lese slike seriar i rett rekkjefølgje, men denne stod greitt åleine.  Dette er ein typisk oppnøstingsroman. Journalistdottera Line er og med.  Eg synest først romanen var grei nok, heilt til han tok seg opp mot slutten.  Eg skal ikkje røpe detaljar, berre seie at dette er god underhaldning.

3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg ikkje lese, men eg har lese fleire andre av forfattaren. Dei er sikkert gode, og autentiske. Men eg har lese så mykje krim, at no vil eg heller ha eventyr a la Øystein Wiik.

    SvarSlett
  2. Forandring fryder. Greitt også å variere mellom krim og anna litteratur.Eg kjenner eg har lyst til å lese noko historisk eller frå andre kulturar innimellom krimbøkene.

    SvarSlett
  3. Ei ny krimbok ventar på biblio. Greitt nok, men desse autentiske politiromanane "frå verkligheita" med sporing av mobilar, datasøk og DNA er berre så kjedelige etter kvart. Sjølv om det er desse romanane som er nærmast det verkelege livet. Eller kanskje akkurat derfor.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...