Blogglesarane hugsar kanskje julegruppa mi. Eføyen som var hjarteforma, held på å miste fasongen. Det veks smågreiner ut overalt. I staden for å snurre dei rundt strengen, fann eg på at eg ville prøve å klippe dei av og sjå om dei røter seg. Det gjer dei! Så no spørs det om det vert skikkeleg stussing! Eføy er fint både inne - og ikkje minst i utekrukker.
Smart!
SvarSlettHar ein fin eføy som spirer og gror.
Kanskje eg skal "stjele" framgangsmåten ;-)
God helg!
Kjekt å inspirere! No har eg klipt min!
SvarSlettGod helg!
Eføy er veldig dekorativt og fint, men jeg kan ikke ha dem siden de trenger pass og vann.
SvarSlettHa en fin helg.
Takk for det!
SvarSlettHer er alltid folk heime i feriar. Men reiser ein mykje vekk, bør ein kanskje velje meir robuste plantar.