søndag 19. juni 2011

Ekte blautkake

Ein i familien orda frampå om at det var lenge sidan han hadde smakt ekte blautkake.  Og når eg først lagar det, så gir eg det vekk!  Slik var det i dag og. I påska sette mor-mor att ei slik blautkake bakt i langpanne til og med.
Sukkerbrød er sjølvsagt viktig.  Her finn de oppskrift på alle storleikar.  Kva som er beste fyllet, kan sjølvsagt diskuterast.  I går kokte eg tørka aprikosar.  Det tek si tid, men er verd innsatsen, synest eg.  Eg bruker 2 ms sukker til 1 pakke.  Til å dynke kaka bruker eg laken frå aprikosboksen.
Eg blanda dei kokte aprikosane med litt over ein pakke fløyte.  I tillegg brukte eg ein pakke fløyte utanpå kaka.  (Heile) Kaka vart selt på matsalet på Holesanden.  Eg fekk med andre restar heim til dei kakesvoltne.  Elles så står fødselsdagar i kø framover.  Vi har mykje og mange å feire!

5 kommentarer:

  1. Den kaka såg heilt nydeleg ut!! :-)
    Og så kjekt du fekk blomar.

    SvarSlett
  2. Dette er slik bløtkake som eg plar lage. Eg NEKTAR å kalle det BLAUTkake, det høyrest heilt uappetittlig ut.
    Eit godt tips. Fyll kaka i god tid:Legg lag for lag tilbake i forma- og frys!(Framfor "store dagar" er dette veldig lurt) Når kaka skal brukast, tek du den opp frå frysaren og pyntar den med krem utanpå. Då er den lett å handsame, og så held den seg kald og frisk lenge!

    SvarSlett
  3. Forresten var kaka di veldig fint pynta! Å lage kake i lita langpanne var ikkje så veldig lurt, for den blir vanskeligare å dele opp etc.

    SvarSlett
  4. Eg kjem aldri så langt at eg har kaker i frysaren. Kanskje i sommar, men då må eg rime av frysaren først. Når ein skal frakte med seg, er det eit godt tips. Opps, det er konfirmasjon(ar) til våren!

    SvarSlett
  5. As in any sport, training exercises assist in improving a person's overall health and fitness and refine the particular capabilities
    required in their particular sport and playing position. Most people try to find a club or team that does agility training and then train in their off time at
    home. Make sure they are not exposed to intense interactions with other animals that leave them feeling threatened and fearful.


    My web page; agility ladder drills for basketball

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...