fredag 17. juni 2011

Tusen takk til klasse 10A!

Når du ikkje er klassestyrar, er det sjeldan ein får blomster.  Årets klasse 10A ein eit unntak.  I går fekk eg denne flotte planten.  Tusen takk!  Og ikkje minst - takk for dei fine orda som følgde med!

Planten skal få vere i potta i sommar og få rikeleg med vatn og gjødsel.  Så skal eg prøve å få han til å trivast i hagen slik at eg kan sjå på hortensiaen og tenke på klassa, kanskje ikkje minst på den trivelege kvelden på Nesset i går.  De kunne ikkje ha vore meir heldige med val av kveld!

Slutten på ein epoke er ofte byrjinga på ei ny.  Lykke til med vidare skulegang!  Om nokre år treff eg nok mange att i ulike yrke ...

P.S.
Bildet kom på bloggen etter ønske frå elevar i 10A.

1 kommentar:

  1. Kjempefin hortensia.Då eg slutta med mine elevar for 9 år sidan, fekk eg ei kjeglegran.Den veks akkurat passe fort til at eg kan tenkje på dei både titt og ofte.(Hadde den vakse for fort er det ikkje sikkert den hadde fått så langt liv!)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...