lørdag 2. juli 2016

Eg vel meg juli

 Juli er yndlingsmånaden min.  Då har eg alltid fri. Best liker eg å starte dagen med frukost og kaffi i hagen som i dag.
 Hagen er på det vakraste.  Dei gamaldagse rosene har begynt å blomstre. 
Det gjeld og nokre liljer og peonar.

 For eit par år sidan planta eg om valmuesøstrene, så kom det ein tørkeperiode, og eg trudde dei hadde kome vekk.  I år ser eg til mi store glede og overrasking at dei har dukka opp både i blått og kvitt.
 
 
To-tre år på rad har nokre larvar ete opp blada på skogskjegga mine på ein blunk. Eg har lurt på om eg måtte gi opp heile hekken.  I år har ikkje det skjedd.
Eit lite bilde til dei som ventar på skvåsjnytt!

I alle paradis er det ein slange.  Denne heiter iberiaskogsnigel.  Eg har meg ein runde kvar kveld og kverkar alle eg finn!

4 kommentarer:

  1. Er kjempefint med roser. Her hos oss får vi ikke de til.
    Har prøvd flere ganger. Må nok bare innse at vi må finne
    noen planter som trives bedre her.
    Peonene står i knopp her også. Gleder meg til de blomstrer.
    Her har vi ikke sett sneglen enda. Håper det ikke skjer i år heller .
    Håper du får mange flotte sommerdager der du kan
    kose deg med frokosten ute :)

    SvarSlett
  2. Frokost og kaffi i hagen i dag? Då må de ha eit anna vêr enn vi.
    Gratulerer med dagen!

    SvarSlett
  3. Fine blomster.
    Valmuesøster har eg ikkje prøvt, har tenkt at dei er
    vanskelege å få til. Dei er nydelege !
    Brunsnigelen er ikkje komen til oss enno, eg kryssar fingrane,
    den ser ekkel ut..

    SvarSlett
    Svar
    1. Valmuesøster veks villeg, men ein må ikkje flytte dei i tørkeperiodar.
      Ver glad så lenge du slepp slike sleipe beist!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...