torsdag 3. mars 2016

Bok 9: Rekviem




5. lydbok om Tom Hartmann! Innlest av Øystein Wiik selv. Svartmetallstjernen Wotan Wagner våkner med århundrets bakrus og liket av en ung pike i senga på The Thief hotell på Tjuvholmen i Oslo. Kvelden før spilte han og bandet WWW i et stappfullt Spektrum med knallsterkt nachspiel etter konserten. Men hvem er den døde jenta? Og hvordan i all verden har hun havnet i senga hans? Mye står på spill, og sammen med manager John Guldberg bestemmer Wotan Wagner seg for å flytte liket, så dødsfallet ikke kan knyttes opp mot ham. Guldberg påtar seg å gjøre det. Samtidig opplever Tom Hartmann og Cathrine Price alle foreldres mareritt når datteren Cecilie plutselig forsvinner. Hun var på WWWs konsert og hadde backstagepass for å hilse på metalstjernene etter konserten. Siden har ingen sett henne. Dette er opptakten til en ny historie med Tom Hartmann i hovedrollen. Denne gangen handler det om blackmetal, utpressing, hevn og tidenes gisseldrama i Røros kirke.

I denne romanen har Øystein Wiik skildras eit musikkmiljø så langt frå operaen som mogleg, skulle ein tru.  Det er Black/Death metal med tilhøyrande effektar.  Dei tek det heilt ut! Kva som er verkeleg, og kva som er installasjonar, kjem fram etter kvart.

Skurken i forteljinga, sjamanen, har tenkt ut ein skikkeleg "event", eller kva ein skal kalle det, i kyrkja i Røros Identiteten til denne sjamanen er og ei gåte. Og alt vert filma slik at han kan få merksemd for det han har sett i scene. Kven vil han ramme - og kvifor?  Alt heng saman.  Til og med ei betent visdomstann er viktig.

Romanen er spennande frå byrjing til slutt. Dette er eventyr for vaksne.  Her er sterke scener i form av bestialske drap.  Ikkje noko eigna sengelektyre med andre ord!  I tillegg fører forfattaren ein lett penn der han kjem med ein god del sleivspark i ulike retningar.  Det har eg stor sans for!  Eg ser ikkje vekk frå at eg kan kome til å kåre denne thrilleren til årets krim.

No er vi rett nok berre komne til mars...


3 kommentarer:

  1. Eg likar bøkene til Øystein Wiik. Bestialske og fæle- men med ein undertone av humor. Såpass at ein forståt at dette er fri fantasi-og skal ikkje takast på alvor.Sleivesparka er elegante-det er også forteljestilen.

    SvarSlett
  2. Skikkelig frodig fortellerkunst, disse har jeg begynt å ta med hjem før de havner i nye bøker hylla.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...