mandag 28. mars 2016

Gratulerer mamma!

I dag kan vi gratulere mamma med 76-årsdagen!  Vi feira henne på førehand i år for at flest mogleg skulle kunne kome.

Mor mi held seg aktiv med blogging og som styremedlem i pensjonistlaget.  Ho er elles ei svært flink husmor!  Mor mi og eg er kanskje ikkje så like av utsjånad, men vi er nok like på mange andre måtar.

Ei sak som er i vinden for tida er mat på sjukeheimar.  Generelt sett er vi samde om at ikkje alt vert betre om det vert større.  Det bør lagast sunn og god mat på alle sjukeheimar.  Om mor mi skulle kome på sjukeheim, så har eg lova å kome settande med skikkeleg mat om ho ikkje skulle få det der!  Eg ser henne for meg krøkt over datamaskina der ho bloggar kvar einaste dag og gir terningkast til maten og gode råd til kokken! 

Det høyrer med til familiehistoria vår at mor hennar, mi mormor, var kjøkkensjef på sjukehuset på Nordfjordeid til ho var 70 år.  Der vart det laga skikkeleg mat. Eg synest ikkje oppvarma mat, same kva teknikkar dei bruker, kan erstatte nylaga, skikkelege måltid som spreier matlukt rundt i heimen.

Heldigvis er mamma sprek og frisk og kan lage mat til seg sjølv og far min - og heile slekta innimellom!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med mor! Ja, ho er ei spreke dame, i alle fall i haudet. Det er uverdig å tenke på kor dårleg mat som blir servert rundt om for dei gamle. Bra det blir sett fokus på! Lukke til med ny skuleveke, eg må halde meg heime etter ti dagar med influensa...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...