mandag 14. mars 2016

Skjønnheitstyranniet og bloggarane

Eit frynsegode i jobben er at ein kan få med seg ulike foredrag og framsyningar.  Torsdag spanderte Saniteten på elevane eit foredrag med tema "skjønnheitstyranniet".  De kan lese om det her. Om kvelden snakka ho til foreldre.

Eg synest det er flott at ho som lege seier det ho seier.  Den såkalla perfekte kroppen er det ikkje mange som har anlegg for å få frå naturen si side, dersom han då finst.  Bilde i blad vert ofte pynta på.

Kari Løvendahl Mogstad drog og fram TV-seiar og bloggar som har stor påverknadskraft.  Sidan eg reknar med at ho ville be vaksne førlgje med, har eg bestemt meg på å følgje litt med.

Kardashianfamilien vart tatt opp.  Seinare har elevane mine sagt at dei ser det "fordi det er så gale". Sjølv får eg dei fort i halsen.  Sjukt sjølvopptatt er berre forbokstavane.

No har eg hekta meg på Bloggerne.  Og eg kommenterar.  Og eg er så irriterande.  For kva er dette?   Eg skal ikkje nemne namn, men denne unge dama har stor påverknadskraft.  Ho har det travelt utan å ha verken jobb eller born slik det ser ut for meg.  Det toppa seg førre veke då ho nærmast gjorde narr av ei veske som var "sånn fattigdyr"(adjektiv).  Når eg diskuterer dette med ungdomane så seier eg at om ho vil bli penare, så kan ho kutte ut operasjonar og innsprøytingar, legge vekk sytestemma og begyne å smile!

Kor interessant er du å vere saman med dersom du berre tenker på deg sjølv generelt og utsjånaden din spesielt?  Når eg seier slikt, fell det på steingrunn.  For følgjarane er mange ...  

Nokon må seie imot.  For det er sterke krefter som er ute etter å tene pengar. Foredraget var eit drypp, så får foreldre, andre vaksne og fornuftige ungdomar ta over kampen.



2 kommentarer:

  1. Ærleg talt, det er vel ingen som tek "sytestemma" på alvor ?
    Og ikkje er ho fin heller. Men eg er ikkje så mykje i lag med ungdom at eg veit korleis dei tenkjer. Og eg vel å ikkje engasjere meg i "Skjønnheitstyranniet"- fordi eg KAN.(Hadde eg hatt tenåringsdøtre t.d. hadde eg vel måtta sette meg inn i både det eine og det andre)

    SvarSlett
  2. Det tenåringane ser no, er Paradise hotel. Det overlet eg til foreldra.
    Men ei viss frøken tener grovt på blogg og Tv ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...