torsdag 5. februar 2015

Hue

 I dag har eg vore på strikkekafé på Josefine.  Det var kjekt og inspirerande.  Prosjektet eg held på å fullføre, er førebels hemmeleg. Hua eg strikka ferdig i går, kan de få sjå!  Oppskrifta var i Lone Soleng si bok som eg hadde lånt på biblioteket.  Mannen likte ikkje fargane i boka, så eg fann fram fargar som passar til kleda hans. 
Sjølve mønsteret likte eg ikkje.  Og i går hadde eg lyst til å sende ein klage til trykkeriet!
Eg er ikkje fargeblind sjølv om eg ber genet.  Men å sjå skilnaden på dei to fargane mot slutten hadde eg problem med!  Eg forstår heller ikkje kvifor ein viser litt meir enn ein mønsterapport.  Begge delar fann eg ut av etter kvart.  Det må og seiast at de andre mønstera var mykje lettare å lese og forstå.

Hua vart passeleg, og mottakaren vart fornøgd. 

3 kommentarer:

  1. Likte best den du har laga :-)
    Spennande med hemmeleg prosjekt.

    SvarSlett
  2. Fin hue !
    Men jammen var det vanskeleg å sjå forskjel i mønstra ja.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...