fredag 20. februar 2015

Ferieinnspurt

I dag er vinterferien slutt. No har vi berre helga att.  Det har vore koseleg å feriere heime.  Eit par bunkar er ferdigretta. Vi har fått ordna litt i huset. Her er vaska. Så det ligg an til ei triveleg helg!

I dag fekk eg føre meg at eg ville ha meg nokre nye kle til skulebruk  Eg hadde lyst på ei dongeribukse, eit plagg som høver godt for meg som må vaske kleda mine ein del, spesielt etter bruk på skulekjøkenet.  Det vart dermed ein tur til Ørsta, der Femina hadde vist fram kle på Facebook.

Eg har tidlegare skrive at bloggen min skal vere fri for dagens outfit, men ingen regel utan unntak ...


4 kommentarer:

  1. Mykje fint på den butikken, eg har funne nokre godbitar der gjennom åra.
    Høyrest deilig ut med reint hus til helga..., eg kan ikkje seie det same ;-)

    God helg

    SvarSlett
  2. Ja det er greit med ei donribukse.
    Ble ei ny på meg i går, Her er det også en del
    vask pga jobb. Så det er greit å ha litt skift.
    Kos deg med de siste fridagene :)

    SvarSlett
  3. Så fint!
    Kanskje eg må ta meg ein Ørsta tur? ;-)

    Gosd helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...