Til advent pyntar eg med litt lilla i stova, men sidan julegardinene er knallraude, fann eg fram nokre kvite kubbelys som datt ned i handlekorga mi på eit 10-kronerskupp.
Desse serviettane trur eg eigentleg er frøkna sine ...
søndag 30. november 2014
30. november
På runden min i dag gjekk eg forbi desse sauene. Dei er nok lykkelege i det milde veret, uvitande om at dei har sluppe unna årets julemiddag. Det er elles ikkje mykje som minnert om jul...
...eller vent no litt! Traktoren har fått julelys!I hagen er det framleis roser. Både peaceroser og aloharoser står i knopp. Held mildveret fram, kan vi kanskje plukke inn roser på julaftan!
lørdag 29. november 2014
Salmelaurdag
Innimellom huslege syslar og handerunde har eg i dag gløtta på Salmeboka minutt for minutt. Der dukka det opp eit kor som eg las om på strikkesida. Genserane deira er strikka av to damer som akkurat vart ferdige.
I tretida i dag fekk vi høyre flott salmesang av Hareid kammerkor! No i kveldninga dukka svoger og svigerinne opp blant publikum.
fredag 28. november 2014
Svart dag?
I går sat eg og sjekka Facebook medan eg såg på TV. Begge stader dukka det opp svart skjerm med kvite bokstavar. Det er Black Friday i morgon! Sjølv assossierer eg det med IRA og Bloody Friday. Men nei, dette er nok ein amerikansk kjøpefest! Som blogglesarane veit, har eg stritta imot både Valentine og Halloween. Ikkje fordi eg ikkje ønskjer romantikk og festar, men fordi dei som ivrar mest for feiringane, er dei som vil selje meir. Og er det noko vi gjer nok i Noreg om dagen, så er det å shoppe.
I morgon er det dessutan "kjøpefri dag". Ein kjem fort i eit dilemma: Kva er ein mest for eller imot, Black Friday eller handlefri dag? Det er ikkje lett å halde seg unna butikkane no når ein vil kome i gang med gåvekjøp. Så i dag gjorde eg som eg plar på fredagsettermiddagane, tok meg ein handletur i bygda.
Bildet over er frå eit blad eg kjøpte i går. Det er kanskje nokre i slekta som kjenner att den gamle kakeboksen?
søndag 23. november 2014
23. november
I dag har frøkna og eg sete med skulearbeid. Ho har jobba med lekser, og eg har retta prøver. I går retta eg ein av fire bunkar, og dei tre siste tok eg i dag.
Karane har sjølvsagt sett cupfinalen. Etterpå serverte eg svinesteik til middag. Buketten fekk forfattaren då han var i oppdrag i Fosnavågen torsdagskvelden. Bilda er tekne med mobilkamera. Eg greidde nemleg å knekke minnebrikka til speilreflekskameraet i går.
Veret har vore mildare i dag, og ein merkar på lyset at det nærmar seg desember. Klokka tre, då eg tok bilda, var det begynt å mørkne. Det er fire travle skuleveker att fram til jul. Studenten har to eksamenar i veka som kjem. Han har det travelt, men så får han også litt lengre ferie enn oss. Vi gler osss til han og broren kjem heim!

lørdag 22. november 2014
Laurdagssyslar
Gjennom skuleåret lever eg etter ein fast timeplan frå veke til veke. I år hender det eg rekk å vaske fredagskvelden, men vanlegvis er vekevasken ein laurdagsaktivitet. Belønninga i dag var ein fin gåtur til sentrum. Nokon storhandel vart det ikkje, men eg fekk meg ein brosjyre med dei nye Skappelgenserane.
Denne gongen må ein kjøpe eitt og eitt mønster til 50 kroner viss eg har forstått det rett. Vanlegvis får ein eit heilt hefte for den prisen, men så endar ein no stort sett med å strikke ein av modellane. Då går det no ut på eitt.
Kanskje denne vert mest populær? Frøkna likte den best. For tida driv eg med saktestrikking. Skuldrene toler ikkje så mykje, og så strikkar eg på tynne pinnar.
Klutane på bildet kjøpte eg på 10-kronerssal, og dei vil eg verkeleg anbefale, også etter at prisen har stige til 11 kroner! Dei kjennest som froté når dei er våte, og dei tek skit godt. Verkeleg vanskelege flekker kan ein ta med det forsterka hjørnet.
Det får vere dagens reklame!
God helg!
fredag 21. november 2014
Førjulstid og julestri
Det er ikkje mange leksjonane att på skulekjøkenet no når det nærmar seg jul. Dagar vert brukte til tentamen. Så denne veka har vi allereie begynt med julebaksten. To og to elevar samarbeider om å lage risgraut og berlinerkransar. Ein liten porsjon vert med heim.
Eg håper heimane set pris på desse små porsjonane med bakst som elevane har laga!
Då borna gjekk i barnehagen baka dei og laga gåver som dei pakka fint inn. Eg tenkte alltid på kva innsats som låg bak dette frå dei vaksne si side, og eg sette stor pris på at borna fekk gjere førjulsaktivitetar både i barnehage og i barneskulen. Om eg var flink å formidle dette til dei vaksne, er ei anna sak.
Tida framover er travel, men kjekk. Så får ein sjå kor mykje ein bakar heime ...
Eigentleg burde ein styre unna sosiale medium i førjulstida. Ein kan lett få inntrykk av at alle gjer alt. I går kom det ein artikkel om ei åttebarnsmor som laga pakkekalender til alle åtte. Det må ho sjølvsagt få gjere. Men er det nødvendig? Treng norske born 24 gåver før jul? Sjølv laga eg slike kalenderar nokre år. Då fekk dei kvar fjerde dag. Eigentleg burde ein lære borna å gi, ikkje berre å få. Så min kommentar til artikkelen vart: Saml ungane og snakk om dei som svelt i Afrika og kor mykje mat ein får for kalenderpakkepengane der!

torsdag 20. november 2014
Bok 57: Jenta som sluttet å snakke
Dette er den fjerde krimboka med journalisten Kajsa Coren. Romanen har fått merksemd for miljøet ho har tatt tak i. Karsten, mannen til Kajsa, er sjukmeld politimann. Han kjem seg bokstavleg talt på beina att.
Romanen er lettlesen og underhaldande. Mordgåta og oppklaringa følgjer oppskrifta på krimroman.
Det er sjølvsagt artig å lese frå sitt eige nærområde. Nokre stader er oppdikta medan andre er kalla med sitt rette namn.
Trude Teige burde sjølvsagt ha skrive på nynorsk når ho er sunnmøring og skriv frå Sunnmøre. Stivt bokmål kler ikkje romanen. Opplesaren les til dømes Go'øya i staden for Godøya. Det vert berre heilt feil for lokalkjende!

onsdag 19. november 2014
Fryseskåp
I går sat eg i godstolen og kvilte meg då alt plutseleg var svart. Huset vårt mangla straum medan naboane hadde. Mannen vart kommandert ned i sikringsskåpet. Der hadde jordfeilbrytaren slått seg av. Hovudmistanken gjekk til varmepumpa. Men den var det ikkje. Ikkje var det datamaskina eller fjernsynet heller. Då stilte eg meg opp ved sikringsskåpet medan mannen drog ut kontakter. Det viste seg fort å vere den gamle fysaren frå slutten av 80-talet ein gong som var syndaren.
Er det berre eg som vert glad når ting sluttar å virke? Eg har lenge hatt lyst på eit fryseskåp, men i tillegg til to frysarar har det vore litt overdrive! I føremiddag stakk eg innom butikken og bestilte meg eit. Eg valde det største - heldigvis. Far min åtvara på førehand om at der er mindre plass, og det stemte sjølv om eg trur literkapasiteten er den same.
No har eg rydda og vaska og fått nesten alt i skåp. Unntaket er nokre kilo plommer som no står på kok. Plommesylte går unna her i huset.
I skåpet er det no god oversikt. Blogglesarane lurer kanskje på kva dei ser på bildet! Ein frys isbitar oppe, så vrir ein rundt. Då skal dei ramle ned i skuffa under.

mandag 17. november 2014
Bok 56: Og fjellene ga gjenlyd
Afghanistan, 1952. Abdullah og søsteren Pari bor sammen med faren,
Saboor, og stemoren i den lille landsbyen Shadbagh. Saboor er
arbeidsledig, og familien lever i fattigdom. Søsknene legger en dag ut
på en reise til Kabul sammen med faren, lykkelig uvitende om skjebnen
som venter dem.
Og fjellene ga gjenlyd spenner over generasjoner og kontinenter, fra Kabul til Paris, fra San Francisco til den greske øya Tinos. Med sin umiskjennelige sans for visdom, dybde og innsikt skriver Khaled Hosseini om mellommenneskelige forhold, det som definerer vårt liv, hvordan valgene vi tar gir gjenklang i fremtidige generasjoner og hvordan vi ofte blir overrasket av dem som står oss nærmest.
Eg las Drageløperen med stor interesse i si tid. Denne romanen får eg aldri taket på. Han spenner vidt i tid. Det vert mange personar og historier å halde greie på. Eg har brukt relativt lang tid på å lese boka, kanskje nettopp fordi eg ikkje har hatt nok interesse av henne til å sette av tid. Som lesar hadde eg problem med å halde fokus. Kanskje forfattaren skulle gjort det?
Blogglesarane får gjere seg opp si eiga meining!

søndag 16. november 2014
16. november
I dag rakk forfattaren å kome heim frå hovudstaden før mellomstemann reiste attende etter perm. Så fekk vi samle alle, berre ikkje yngstemann. Han kjem heim på juleferie om knappe fire veker.
Tida flyg. Førre veke baka vi lefser saman med besteforeldre. Eg trur to rekordar vart sette. Ein dag møtte tre bestefedre fram! Den andre rekorden? Eg plar seie at bestemødrene vert yngre for kvart år. I år kom det ei som var eitt år yngre enn meg ... Komande tysdag inviterer niande steg til besteforeldrefest. Det er alltid kjekt.

lørdag 15. november 2014
Feiring av far!
I dag har dei som kunne, vore samla i Ørsta for å feire far min ein dag på etterskot. Tradisjonen tru serverte mor mi julemiddag, altså pinnekjøt. Til kaffien hadde ho laga mange gode kaker. På bildet er han saman med tre av dei åtte gutane han er bestefar til. Eldstemann kom litt ut på dagen. Blogglesarane finn fleire bilde på dei andre bloggane!
Eg er litt årstidforvirra om dagen. Som de ser kunne mor mi plukke inn lilla klematis frå hagen. Tek ein seg ein tur inn i ein butikk, er der pynta til jul!
fredag 14. november 2014
Gratulerer!
I dag fyller far min 78 år. Vi gratulerer! I dette høvet har vi funne fram eit bilde som må vere omlag 11år gamalt? I morgon skal vi feire han i Ørsta. det gler vi oss til!
mandag 10. november 2014
Fornying frydar
I dag kjøpte eg meg den årlege nye steikepanna. Coop hadde kupp på 299. Etter å ha eigd både dyre og rimelege variantar, har eg kome fra til at dei varer omtrent like lenge. No skal Jamie Oliver sin variant utprøvast.
Så får ein koke seg ein kopp te og drøyme seg "over there". Koppen har eg fått av ei venninne som nettopp har kome heim frå New York, Washington og New Orleans. Time will tell ...
Så får ein koke seg ein kopp te og drøyme seg "over there". Koppen har eg fått av ei venninne som nettopp har kome heim frå New York, Washington og New Orleans. Time will tell ...
søndag 9. november 2014
Farsdag 2014
Farsdagsfeiringa her i dag har vore heller enkel. Sidan vi hadde folk her i går, vart det servert restar, ikkje at det var simpel mat. Bigset skulekorps arrangerer messe ein gong i året. Vi var der for å høyre song og musikk. Der er innslag frå scenen i gymsalen fordelt utover dagen. Litt småtteri vart no med heim og. I tillegg til lokale utstillarar, er der nokre tilreisande med mellom anna spekemat, julepålegg, honning og syltetøy.
Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm. Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga. Det gler vi oss til!
Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm. Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga. Det gler vi oss til!
fredag 7. november 2014
Nytt prosjekt
Då eg strikka på tjukke pinnar, måtte eg ta meg ei veke pause. Høgre skuldera mi toler ikkje all verda. Så no har eg tatt fram tynne pinnar og gitt meg i kast med mønsterstrikk. Når eg strikkar mønster, kastar eg med venstre hand. Det har eg alltid gjort. dermed vert høgrehanda meir avslappa.
Eigentleg ville eg begynt på eit omtrent monteringsfritt plagg. No har eg gjort det stikk motsette! Her skal det klippast opp og leggast opp masker både framme, nede og på skuldrene. Finull er eit garn der plagga berre vert finare med bruk, synest eg.

torsdag 6. november 2014
Bok 55: Frost
Denne romanen har eg hatt liggande ei stund. Etter å ha lese "De usynlige" av same forfattar, fann eg fram att "Frost". Romanen tek oss attende til Island, Noreg og delar av Storbritannia rundt år 1000. Vi følgjer Gest som må røme frå Island etter å ha drepe ein høvding.
Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida. Meg fengde han ikkje heilt. Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.
Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida. Meg fengde han ikkje heilt. Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.
onsdag 5. november 2014
Skappeljakka 1
No kan eg endeleg vise fram Skappeljakka eg har strikka til Olaug. Ho er godt nøgd med henne, og kunne tenke seg fleire modellar frå boka. Med litt hjelp, vil ho greie det sjølv, meiner eg. Garnet er Mini Alpakka frå Sandnes og Fearytale.
Elles får eg litt hjelp til å mekke på denne sida, så her kan bli små endringar. Men alle skal få vere på blogglista! No er det avgrensa til 25, så dei som har slutta å blogge, vil berre kome innatt om dei startar opp att.

tirsdag 4. november 2014
Månelyst
I dag lyste månen opp vegen på bortsida av vatnet. Fem grader og vind gjorde det til ein frisk tur!
Mobilkameraet greidde ikkje betre ...
Mobilkameraet greidde ikkje betre ...
mandag 3. november 2014
Når favoritten forsvinn ...
Eg har ein favorittmüsli. Siste månaden har han ikkje vore i butikkhyllene i bygda. Eg har etterlyst han utan respons. I dag tok eg meg endeleg ein bytur. Blogglesarane har kanskje merka at det er lenge sidan eg har tatt dei vanlege byturane på måndagane. Det skuldast rett og slett at eg har kome så seint heim frå jobb. Så lenge sidan var det at eg rota meg litt vekk i trafikken. Så fekk eg sjå ei halvvegs ferdig ny rundkøyring. Bilen vart parkert i gangavstand til Mega. Der hadde dei oransje pakkar med Coop müsli! Då er han framleis i handelen. I framtida håper eg han dukkar opp i hyllene på Coop Extra med godt utval og låge prisar! I mellomtida et eg den greske yoghurten med litt fruktyoghurt og müsli.
søndag 2. november 2014
Montering må til!
I dag har eg sydd i ermane på studenten sin genser. Oppskrifta er frå pt design sitt siste herrehefte. På pinnar nummer 8 var den rask å strikke, men eg merkar at så store rørsler er tyngre for skuldrene enn å strikke på pinnar nummer 3.
Garnet er naturkvit Mitu og grå og naturkvit Puno. Genseren er mjuk og lett. Yngstemann ville ha ein smal modell. Eg meiner genseren må bli fin til vinteren når han sit på førelesingar.
Garnet er naturkvit Mitu og grå og naturkvit Puno. Genseren er mjuk og lett. Yngstemann ville ha ein smal modell. Eg meiner genseren må bli fin til vinteren når han sit på førelesingar.
lørdag 1. november 2014
1. november
I dag har eg vaska hus og laga blandabalj. Ein biverknad av eit sjukehusbesøk, var at eg fekk frakta fisk utover. Målet for dagen var å lage så mykje blandabalj at eg har til ein middag i veka fram mot jul. I morgon er planen å lage fiskekaker til tilsvarande mange måltid.
Men ein tur på folkebiblioteket tok eg meg tid til. Der fann eg meg nokre bøker i dag og. Berre eg no greier å kome meg gjennom den eg held på med. Det går mildt sagt treigt.
Det skal visst vere handlefri dag i dag, men eg måtte prøvekøyre bankkortet før eg oppsøker enkelte butikkar i bygda. Med kontantar i reserve og nedskriven kode, følte eg meg trygg på at det skulle gå bra. Og det gjorde det. Blogglesarane skal snart få sjå både det nye og dei snart ferdige handarbeidsprosjekta mine. Det eine er rett nok frøkna sitt.
Etter ein kjølig og klår oktoberdag i går, vakna vi til 17 grader og regn i dag. Ein kan håpe på ein fin november!

Abonner på:
Innlegg (Atom)