søndag 20. juli 2014

Varme dagar

Sommaren 2014 kjem nok til å gå inn i historiebøkene som ein av dei mest solrike her på Sunnmøre.  Ei venninne av meg skal berre feriere heime i år, og ho kunne vel ikkje valt eit betre år!  For tre år sidan var eg heime med borna i tre og ei halv veke medan mannen var i Roma.  Då hadde vi to dagar med sol.  Ein dag var det så vidt freistande å bade.  

I dag gjekk eg rundt vatnet i kveldninga.  Sjølv om eg gjekk i kort shorts og singlet, rann sveitten.  Nokre skyer har det vore på himmelen, men temperaturen har vore høg.

Under mottoet "Når sola går ned i vest, arbeider den late best", laga eg ein haug med fiskekaker i kveldninga i går.  Det er kjekt å gjere ein nyttig ting om dagen - eller kvelden. 

1 kommentar:

  1. Ja, er det ikkje herleg! Var på Nøringset og kika over til deg i dag ;-)
    Flink du er som får unna SÅ mykje på kvelden!
    Nesten som skyene berre gjorde godt :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...