søndag 13. juli 2014

Når sola går ned i vest ...

Vi har feriert heime i ei veke no.  Veret har vore omtrent som i Italia.  På våre kantar må ein berre sleppe det ein har i hendene og nyte alle fine dagar.  Hagearbeid er greitt, men det som skal gjerast inne, får vente. matstellet vert enkelt med grilling og vaffelsteiking ute.

Eg synest ikkje hagen er så fin for tida. Det er mykje daudt materiale i buskane.  Nokre staudar skulle ha vore flytta.  Sist eg flytta denne blå valmuesøstera i albautgåve, var eg glad eg let litt stå att, for då kom fineveret!  Det er sikkert lurast å gjere mot hausten.  Det er berre det at då vert det gjerne gløymt.

I går var eg så ivrig med hekksaksa at eg må vere forsiktig med strikking i dag.  Skuldra toler ikkje for mykje belasning.
Dei to kaninane i heimen har fått kvar sin luftegard, den siste laga av fem nettingkompostbingar frå Biltema.
Når eg kjem, forventar dei seg ein godbit.  Eg bruker å plukke ein bukett av ulike ugras, salatar og urter.  Dei luktar seg fram til den sorten dei liker best.  Om dagen kviler dei for det meste, men i kveldninga startar beitinga.


2 kommentarer:

  1. Treng ikkje reise langt for å nyte sommaren nei..
    No litt overskya, men passe vær til solbærplukking :-)

    Nyt sommaren!

    SvarSlett
  2. Våre bær er ikkje modne enno, men denne regnbyga trong vi!

    Etter så mykje fint ver er det avslappande med litt gråver ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...