mandag 21. juli 2014

Tur til Geiranger

Det har vorte med snakket i mange år.  Veret må passe, og dagen må passe.  I går kveld tok vi berre avgjerda.  Yngstemann hadde fri og kunne vere med.  Veret er strålande.  Vi bestemte oss rett og slett for å menge oss med turistane!
Køyreturen frå Hareid tok cirka 1 time og 20 minutt. Vi parkerte bilen på Hellesylt ...
... og vent på ferja.
Dei gåande passasjerane kjem først ombord ...
... og kan velje dei ste plassane på dekk.
Før vi svingar inn i fjorden.
Matvika var ein av dei mest grøderike gardane i fjorden, best kjend for fruktdyrking.  Til og med aprikosar hadde dei dyrka der.

 Dei Sju Systre.
Skageflå - der dei kunne drage opp stigen når skattefuten kom.
Knivsflå.
 Ein attraksjon er fisketur.
 Ørnesvingane - heilårsvegen til Geiranger.
Geiranger.

Softis i varmen.

Geiter høyrer heime i dette terrenget.
Karane bada i sjøen. Stranda var nok finast ved campingplassen.

 Det var ingen cruiseskip i Geiranger i dag, så der var relativt fredeleg.  Køane vi har høyrt rykte om, merka vi ikkje noko av.  Nokre turistar vart henta på hurtigruta.  Der stod bussar på land, så eg reknar med dei skulle ha litt variasjon.
På tilbaketuren vart informasjonen lesen opp på italiensk og japansk i tillegg til norsk, engelsk og tysk.

Om nokon lurer på prisar på ferjeturen, så kostar ein tur-retur-billett 215 kr for ein vaksen.  Ferjeturen tek vel ein time.





5 kommentarer:

  1. Det er fint inni fjordane her m oss :)

    SvarSlett
  2. Lenge sidan vi har tatt den turen.
    Kanskje på tide igjen?
    Nyt sommaren :-)

    SvarSlett
  3. Om nokre dagar skal vi ut i havgapet. Håper der er like fint ver -tren ikkje å vere like varmt!

    SvarSlett
  4. Det er ikkje rart turistane likar den flotte naturen !
    Sist me tok den ferga hadde me med besøkande frå Drøbak, desverre hang skyene/ skodda og skjulte fjelltoppane.

    SvarSlett
  5. Det er ein fin stad å vise fram for både norske og utanlandske turistar - helst i fint ver. Og med den nye vegen har Geiranger kome mykje nærare!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...