fredag 11. juli 2014

Retrokofte

 I går gav eg eg denne jakka til systera mi, så no kan eg vise henne fram på bloggen!

Idéen til å strikke jakka fekk eg på facebook.  Der er eg medlem av nokre strikkesider.  Jakka dukka opp som "retrokofta" titt og ofte.  Oppskrifta hadde eg sett i boka "Strikk med raske pinner". Andre har funne den i eit vekeblad/magasin, kanskje Lev Landlig?

I mai ein gong stakk eg innom biblioteket for å låne boka på nytt.  Dei hadde henne ikkje, men ville bestille frå Vik.  Eg sa at eg like godt kunne hente boka der.  Det gjorde eg.  Samtidig kjøpte eg garn på butikken som forhandlar Drops sine garntypar.  Der var det sal på ull- og alpakkagarn.  Ein farge mangla dei, så det vart til at eg kjøpte eit nøste Raumagarn i staden.  Heklekanten er i Finull, for PT2 er ikkje i handelen her.

Eg var i tvil om eg skulle ha hekla kant framme som i oppskrifta, og om eg skulle hekle den grøne "blondekanten".  Rådgivarane mine på jobb meinte at det måtte eg ha, for det var det som gjorde jakka spesiell.
Eg synest jakka er tøff, og eg er glad for at mottakaren likte henne!

2 kommentarer:

  1. Mottakaren vart overvelda og begeistra!

    SvarSlett
  2. Det er eg glad for, for jakka er litt spesiell. Om eg ikkje hadde likt henne sjølv, hadde eg sjølvsagt ikkje laga henne!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...