mandag 19. mai 2014

Bok 28: Kvardagsstrikk

Dette er ingen roman, men ei fagbok.  

Då eg var yngre var eg overbevist om at eg aldri kom til å bli historieinteressert.  "Berre vent til du vert eldre!"fekk eg høyre.  No vil eg seie at det kjem an på kva for historie det er snakk om. Når dei viktige historiske hendingane er på plass, synest eg kvardagshistoria er vel så viktig!  Korleis levde til dømes oldemødrene våre?  Ein ting er kva dei åt og korleis dei kokte.  Denne boka tek føre seg kva dei hadde på seg av klede og spesielt strikka klede. Ho er skriven i 1994.
Annemor Sunbø tok over ein fabrikk som laga mellom anna ulldyner av gamle ullklede som folk leverte inn.  Denne handelen med brukt ull er omtala i boka.  I ullhaugane fann ho gamle strikkeplagg. Desse vart laga om til sjoddi.
 Gamle plagg vart redda og mønster teke vare på.  Når ein måtte karde og spinne garnet før ein strikka det, er det kanskje ikkje så rart at ein genser veret omsydd til ei underbukse som igjen vert bøtt.  Underbuksa varma vel under stakken. For oldemødrene mine hadde nok aldri på seg bukser.

Strikkehistoria er svært interessant å lese, og boka er rikt illustrert. Når ein les om desse plagga, lærer ein og mykje om daglegliv og arbeidsliv.  I fengsla fekk ein ikkje late seg, men ein fekk opplæring i strikking.
 Strikkehistorie er og motehistorie.  På 50-talet gjalt og produktplassering, og det ultimate var å få kongelege til å bære plagga.
På 80-talet vart Morten Harket sett i setesdalskofte.  Mest kjend var han for å møte kongen i ei svart.
Ein finn mange sider med kofter, men også sokkar, vottar og andre strikkeplagg. Eg har forelska meg litt i den det står B ved.  Den er fin i ein oransje farge.

Til slutt finn ein ein del mønsterbordar.

Eg hadde sett denne boka omtala på nett og fått lyst på den.  Men ein dag eg leita etter ei anna bok på biblioteket, låg ho der.  Så eg lånte den sjølvsagt med heim!

Denne boka høver for alle som er interesserrte i strikking og strikkehistorie, men og for moteinteresserte og historieinteresserte.


4 kommentarer:

  1. Du gløymde å nemne David Toska som også gjorde sitt for å gjere strikkekofta "populær".

    SvarSlett
  2. Ein av Norges rikaste, Fredriksen(?) klaga nettopp på at han var lei av å strikke i varetekt. Kanskje dei strikkar trøyene sine sjølve?

    SvarSlett
  3. Ja, la dei strikke! Då gjer dei ikkje noko anna gale imens.

    SvarSlett
  4. Kanskje dei skulle begynt med det før, ja.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...