mandag 26. mai 2014

Sunt å vere sjuk

 Det er vel heller innbilsk å tru at ein vert sakna blogggverda om ein tek seg ein liten pause.  I helga har eg hatt så å seie ingen energi. Eg har hosta og nose.

Vanlegvis strekk ikkje tida til.  Det er så mykje eg har lyst å gjere. I helga orka eg ikkje å strikke, så eg sovna framfor TV-en både titt og ofte. Hagearbeid orka eg absolutt ikkje.  Eg vart andpusten berre av å gå bortover golvet eller plenen.

Av matlaging orka eg berre det mest nødvendige. Duk og blomster fekk vere.

Før helga kreka eg meg på jobb. Elevane skulle førebuast til tentamen. Og det er mykje arbeid å lage vikarinstruks. Då går eg heller for halv maskin.
Så godt det er då å få att energien! Det vert kjekt å gå på jobb!

I dag hadde eg ei bok som burde leverast inn på biblioteket i byen.  Så fekk eg prøvd den nye rundkøyringa.  Det er litt av eit framsteg!  Elles er der stor byggeaktivitet.

På biblioteket fekk eg lånt nye bøker, også ei strikkebok.  Kanskje eg får lyst å strikke noko!

Konklusjonen får vere at det er sunt å vere litt småsjuk, så set ein større pris på ein valeg travel kvardag!

1 kommentar:

  1. Eg hostar framleis, men føler meg i relativt god form, så det verste er over.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...