fredag 16. mai 2014

16. mai-stemning

I går var eg temmeleg sliten. Eg såg mørkt på både 16. og 17. -mai. Då er det berre ein ting som gjeld, og det er å senke på krava.  For det første må ein oversjå alle innlegg både på TV og andre stader der folk lagar buffear og kakebord.  Skal ein hjelpe til på klubbhus eller bedehus, får ein kjøpe maten der.  Heime får ein gjere det lettvint. Det får bli spekemat eller pølser med brød.  Ikkje er det så godt å jobbe i bunad heller.  Bunaden har eg eit avslappa forhold til.  Eg tek han på om eg føler for det.

Mannen skal halde 17. mai-tale på folkefesten klokka 17. Der er det og mat å få kjøpt om ein svelt.

Dagen i dag gjekk greitt på jobb.  Eg hadde lagt ein plan for korleis vi skulle få gjennomført eit tretimarsoplegg på skulekjøkenet med innlagt pause for å gå ut og bli skote vatn på av russen. Vi vart ferdige to minutt før det ringte. Etter å ha sete eit par timar hos frisøren fekk eg att litt arbeidslyst.  No har eg laga dobbel porsjon grunnlovsdessert.  Om desserten eksisterte for 200 år sidan veit eg ikkje, men ingrediensne var nok mogleg å få tak i?

Oppskrift på grunnlovsdesserten finn de her, og på heimelaga vaniljekrem her.  Så er det berre å piske fløytekrem i morgon!

4 kommentarer:

  1. Ja det er godt en kan gjøre det utav det som
    en føler for selv. Kjenner kravene blir senket
    litt de gangene jeg jobber på helligdagene.
    Har bakt sjokoladekake, funnet muffins i frysen
    og kjøpt kransekake. Til og med ferdig pyntet.
    Helt greit enkelte ganger når en skal ha litt
    både hjemme og på menighetens fest.
    Kos deg og ha en herlig 17.mai :)

    SvarSlett
  2. Desserten din ser god ut.
    Her blir tradisjonane litt endra. Desserten blir som før, men middag blir det ikkje. Borneborna er med på ulike ting både i sentrum og her i bygda så det blir brennsnut på Bygdahuset etter som det passar. Så får dei stikke innom å få dessert når dei kan.
    Vona dagen blir fin på begge sider av eidet :)

    SvarSlett
  3. Å lage noko ekstra mat til 17.mai har eg aldri gjort. Eg var vant til at 17.mai var ein "ute-dag" med is, brus, pølser etc. Då eg var barn /ung var vi ute heile dagen og levde på jubk-food. Det har eg stort sett halde fram med. Skal husmødrene stå PÅ den dagen også? Attåt at ein skal hjelpe til her og der? Nei, det blir ikkje aktuelt. Mat får ein kjøpt ein slik dag, og nokon skal tene på at vi kjøper den. Eg har kjøpt inn pølser og pølsebrød-det får halde.

    SvarSlett
  4. junk-food -skal det vere, ser skrivefeila når det er for seint.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...