søndag 27. mai 2012

Vedunderleg vaniljekrem

Dei unge mennene og eg har funne eit TV-program som vi ser saman, i opptak sjølvsagt, nemleg 4-stjerners middag.  Dei kosar seg med kommentarane til skodespelaren og dei fortvila utropa til kokken.  Eg prøver i tillegg å plukke opp nokre matlagingstips.

I dag brukte Andrine Flemmen Piano vaniljekrem.  Sjølv synest eg at ferdigkjøpt vaniljekrem og vaniljesaus er heilt OK.  Men det gjorde ikkje kokken!  Det er sååå mykje betre å lage kremen sjølv.  Det er år og dag sidan eg har laga heimelaga vaniljekrem, må eg innrømme.  Eg fann ei oppskrift i Sverre Sætre si kakebok som eg brukte som utgangspunkt.  Eg brukte litt mindre sukker, og eg kunne tenkt meg den endå mindre søt.
2 vaniljestenger (2 ts (?) ekte vaniljesukker om du ikkje har stenger på lur)
(Skrap ut vaniljen, men legg alt i mjølka)
4 dl H-mjølk
1 1/2 dl kremfløyte
1 dl sukker

Kok dette litt i ei panne med tjukk botn. (Ikkje aluminium +metallreiskap)

I ein bolle (eg brukte glaslitermål) har du:
1 dl H-mjølk
4 ms maisenna

Pisk lett saman før du har i:
4 eggeplommer


Hell den kokande mjølka over i bollen med maisenna/mjølk/eggeplommer medan du rører.  Så har du alt tilbake i panna medan det kokar opp.  Kok i eit minutt under omrøring.  Ta ut vaniljestengene og ha kremen i ein bolle.

Eg prøver å produsere minst muleg oppvask når eg lagar mat(åra utan oppvaskmaskin sit vel i), så eg hadde kremen attende i litermålet. Det er lurt å legge plastfolie ned på kremen for å unngå snerk.


I dag serverte eg vaniljekremen til rabarbragraut.  Karane ville ha vanleg krem også.  På spørsmål om vaniljekremen var betre enn Piano, fekk eg til svar: "Mykje betre!"


4 kommentarer:

  1. Takk for oppskrifta. Den skal lagres i "mappa" : Solveigs oppskrifter

    SvarSlett
  2. ;-) Eg kjem nok ikkje heilt til å slutte med ferdigkjøpt vaniljekrem, greit når ein skal gi vekk ei kake til korps eller liknane, men eg trur nok karane her vil ha heimelga i framtida.

    SvarSlett
  3. Det står 4 ms maisenna. Hva står ms for?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...