lørdag 25. juni 2011

Sikta kveite

 I går bestemte eg meg for å prøve det økologiske mjølet til focaccia.  Dette mjølet har ei utmalingsgrad på 85.  Det er altså grovare enn vanleg kveitemjøl som ligg på 80-81 om eg ikkje hugsar feil.  I går kveld blanda eg mjølet med ein liter vatn.  I dag tidleg hadde eg i 15 g gjær og salt.
 Focacciadeigen fekk heve i ein slik plastbalje som eg har kjøpt jorbær i.  Eg "strekte" den tre gongar.  Deigen var litt laus.  Han heva heilt normalt.
 Av halve deigen laga eg heilt vanleg focaccia med salt og rosmarin på toppen.  Av resten laga eg ein stor pizza og to mindre focaccia med oliven.
Hevinga gjekk greit, men brødet sprakk litt i omnen.

Konklusjonen får vere som ein i familien uttrykte det:  Kvifor må alt forandrast?  Var det ikkje bra som det var?  No må det og seiast at det vart gjort eit stort innhogg i baksten

3 kommentarer:

  1. Du får blogge når du har prøvd samme mjølet som eg fekk. Eg er ikkje så flink å bake, det blir som regel utan oppskrift-etter metoden "eg tek det eg finn i skuffer og skap og rotar det i hop". Som regel er alt ferskt brød godt, men dei fleste brøda mine blir tørre etter frysing.

    SvarSlett
  2. Eg kokte graut av det i går. Det tok si tid, så eg vil legge det i blaut før eg har det i deig. Der var berre nokre få oppskrifter på nett. Det hadde til dømes vore ein ide og fortalt kundane kor lang tid det t.d. vil ta å koke graut!

    SvarSlett
  3. Eg skulle fortelle Ragnhild om dette mjølet i går,i telefonen, og las på posen. Vi var enige om at der var for lite informasjon. Ho er nabo med Elias, som er styrar for Mylna, så ho får snakke med han. Skal møte R. i dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...