torsdag 23. juni 2011

Rømmegraut

Før eg gav meg i kast med innlegget, måtte eg sjølvsagt innom ordlista. Det er nemleg mange her omkring som sel rjomegraut, men ingen seier rjome.  I dialekten heiter det vel "rjøme" frå gamalt av, men ingen unge seier det. 
Rømmegraut er tradisjonsmat og festmat.  Det vart servert når noko skulle feirast.  Eg har samla nokre bøker med tradisjonsmat frå ulike stader i landet, og alle har noko å fortelje om rømmegraut.

Ingrid Espelid fortel om kor vanskeleg det kunne vere å få rømmen til å skyte feitt.  Ho hadde mislykkast meir enn ein gong.  Sjølv har eg aldri opplevd det som eit problem.  Ho seier og at etter at ein fekk kjøpe seterrømme, er problemet vekke.  Eg hugsar mormor sitt råd med å la rømmen stå på benken over natta for å surne.
I bøkene finn ein ulike døme på kva ein serverte til grauten.  Vasskringler og spekemat er ein variant.  I Røros serverer ein fisk og flatbrød til.  Om ein bruker berre ein tallerk framleis, er eg i tvil om.
Etter mitt syn er Fjordamat, bøkene frå Sogn og Fjordane, dei beste bøkene i sjangeren.  Det seier eg ikkje berre fordi eg har formødre frå dette fylket.  Bøkene er systematiske, og dei er rike på tekst/informasjon.  Først var der to bøker, ei med kvadagsmat og ei med festmat, no finst det ei med litt frå kvar.
Svigermor mi brukte å fortelje om ein gong ho hadde fått egg på rømmegrauten.  Dette er pent pynta sengjamat.  Ei nybakt mor skulle sikkert feitast opp.
Ein annan måte ein kunne servere rømmegraut på, var med sviskesuppe.

Vi har alltid spekemat til rømmegraut.  Ofte serverer vi poteter og flatbrød til også.  Rosiner, sukker og kanel står alltid på bordet.  Eg kjem med oppskrift i eit eige innlegg.

3 kommentarer:

  1. Eg har den første Fjordamatboka, fekk den til 60 -årsdagen og har brukt den mykje. Rømmegraut kokar eg etter eige haud, utan oppskrift. Eg blandar litt semulegryn i kveitemjølet, det gjer det lettare å få grauten klumpefri, og gir den litt meir "hold", men då må den sjølvsagt koke så lenge at gryna blir "usynlige".Eg kokar grauten i mange porsjonar,utan å spe med mjølk. Til sist kokar eg graut av berre mjølk og mjøl og blandar saman med den "ekte" rømmegrauten. Når eg gjer det på denne måten er det fordi eg alltid lagar store porsjonar.Rosiner på grauten er eit must. Å øydelegge den gode smaken med kanel er HELLIGBRØDE for meg.

    SvarSlett
  2. Og eg gjer som mamma, kjøper rømmen eit par dagar på førehand, då blir den syrlig og god, og skiller lett ut feittet.Ikkje alle likar "sur" graut, dei byter ut halvparten av rømmen med kremfløte, det er IKKJE etter min smak.

    SvarSlett
  3. I dag lurte eg ned i ein pakke kremfløyte med dårlig dato. Det merka eg ikkje, kanskje fordi eitt av rømmebegera og var det.
    Det er nok mange måtar å koke graut på. Ein får finne seg ein som fungerer. Desse oppskriftene kan ein ikkje mislykkast med.
    Eg ser at mange kjøper ferdig graut ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...