Eg har fått mange hyggelege og konstruktive meldingar på bloggen min. Det set eg pris på! Eg svarer gjerne i mitt eige kommentarfelt.
Og så tenker eg at andre også set pris på ein kommentar innimellom. I går og i dag kom eg rett og slett ikkje igjennom. Sjølv om eg trur eg les og skriv rett på "bevis at du ikke er en robot", så får eg berre opp"not found".
Sist eg kom ut for dette, fekk eg sagt ifrå direkte. Eg trur kanskje at folk ikkje veit om at dei har ei slik innstilling? Er folk plaga med viruskommentarar eller trasige kommentarar? Eg har stort sett berre gode erfaringar. Kanskje eg har sletta ein to-tre kommentarar i løpet av dei åra eg har blogga.
Bloggarar kan i alle fall vere klar over at det finst ei slik innstilling "vis ordbekreftelse".
P.S.
Buketten på bildet øvst fekk vi onsdag.
fredag 10. august 2012
torsdag 9. august 2012
Serieslave?
Det går mange seriar på TV, og det er lett å bli hekta. Tysdagane er ein typisk damedag på TV2. Då får eventuelle fotballkampar helst sjåast i kjellaretasjen.
No i ferien prøver vi vaksne å finne noko vi liker begge to. Tudors har gått seint om kveldane på NRK. Mannen i huset har hatt lyst til å hekte seg på. Så oppdaga vi at første sesongen var i huset. Eg sa meg villig til å gi seien ein sjanse. Og så vart eg hekta! Så hekta vart eg at då vi hadde sett ferdig desse første episodane, var eg rask å gå rett på nett og bestilte andre sesong. Litt rask kanskje, for den kom med finsk og gresk tekst! Heldigvis var der også engelsk tekst, så det går greitt sjølv om språket er litt gammaldags innimellom. Kva gjer ein når ein har sett ferdig sesong 2? Skal ein vente på NRK? Eg bestemte meg for å unne meg tredje sesong, denne gongen med norsk tekst.
Kva er det som er så fascinerande med serien? Historia kjenner vi. Den er full av politisk spel og intrigar. Skodespelarprestasjonane er fantastiske. Dei får fram fleire sider av karakterane sine. Kleda og smykka vakre. Det historiske bakteppet er interessant. Det går ikkje fort framover, men det er ikkje kjedelig, tvert imot!
I siste episode vi no har sett, miste Anne Boleyn hovudet. Vi har vore i The Tower og sett avrettingsplassen.
Serien har femtenårsgrense. Sjølv ville eg ikkje anbefale den for born. Der er rikeleg med "sterke scener".

Bok 40: Salamandergåten
Denne boka vart med heim frå biblioteket rett og slett fordi ho låg feilplassert. Det er ei barne-/ungdomsbok. Det er første bok i ein serie. Eg tenkte dette kanskje kunne vere noko for årets 8. klassingar? Boka er den første i ein serie, så om ein fekk lokka elevar til å lese den første, så kanskje dei vil lese fleire?
Då eg gjekk på barneskulen, las eg min del av seriekrim i form av Bobseybarna og Hardyguttene. Eg forventa noko slikt som at to eller fleire born er smartare enn vaksne og løyser eit brotsverk. Mot slutten kan dei gjerne verte fanga av forbrytarane, men kome seg lause att.
Forventningane vart innfridde. Det var derfor artig å kome over denne kritikken i Dagbladet der dei kallar boka retrokrim.
Eg håper eg får framtidige elevar til å bli glade i å lese. Dette kan vere ei bok på vegen!

onsdag 8. august 2012
Slektsbesøk
I dag har vi hatt besøk av svograr og svigerinner.
Det var nokon som ønska seg reprise på rømmegrautmenyen. I dag kokte eg graut av 12 beger rømme. Dei skal få ulyste seg med restar, for no vert det nok ei stund til neste rømmegrautmåltid!
Også i dag serverte eg spekemat, poteter, flatbrød og lettrømme til. Nokre vil gjerne ha poteter medan andre et berre spekemat til.
Eg serverer ikkje dessert etter eit slikt måltid. Men eg hadde nokre kransekakestenger til ein kopp kaffi og litt frukt.
Figgjoserviset som eg dekte på med har vi arva frå svigerforeldra mine. Det er nok eit typisk 50-talsservise, vil eg tru?

Bibliotekbøker
I går kom eg over desse bøkene på biblioteket. Eg har ikkje lese noko av GW enno. Dei vert lagt inn på I-tunesbiblioteket mitt til eg får lyst å lese dei. Akkurat no held eg på med ei bok av Håkan Nesser som eg kjøpte i Oslo.
tirsdag 7. august 2012
Bok 39: Sommeren uten menn
Denne boka har eg begynt på to gonger, og den siste fullførte eg altså lesinga. Eg trudde romanen var norsk, men forfattaren er amerikansk med norske røter.
Den ytre handlinga er enkel. Mann finn yngre kvinne. Kona får samanbrot. Ung dame blir lei av gammal mann. Kan han få flytte heim?
Men boka er ikkje ein lang klisjé. Forfattaren skriv med ironi og snert.
Sjølv er eg delt i mitt syn på romanen. Eg synest denne bokmeldinga er god.

mandag 6. august 2012
Suvenirar
Også på denne turen vart det kjøpt nokre nyttige suvenirar. På Hamar kjøpte eg ein ny kjøkenhandduk frå same fabrikk som den eg kjøpte i Smögen. I kiosken ved domkirkeruinane såg eg og nokre andre kjøkenhanddukar som eg fall pladask for. Då eg kom heim og googla designaren, fann eg ut at ho er ein kjend tekstilkunstnar. Ho er spesielt kjend for folkedraktene sine. Lise Skjåk Bræk har også gitt ut bøker.
I Oslo liker eg å kike i ulike "kjøkenbutikkar". Dette smørbegeret vart med heim.

søndag 5. august 2012
Bok 38: The burning wire
Eg sette meg føre at eg skulle lese denne amerikanske boka på originalspråket. Og det skulle gjerast i solveggen. Der kunne prosjektet lett ha stranda ... Heldigvis fekk eg nokre fine timar i Middelalderparken så eg fekk knekt dei siste av dei 500 sidene.
Skurken i romanen drep med elektrisitet. Han set opp feller som lett kan drepe mange. Der er fleire detektivar. Den eine sit i rullestol etter ein skade. Romanen er ein thriller. Her er spenning til siste slutt. Eg likte elles godt slutten som også gjeld privatlivet til Lincoln Rhyme.
Forfattaren er kanskje mest kjend for The bone collector. Eg ser at ein del av bøkene hans er omsett til norsk. Fordelen med å lese amerikansk litteratur, er sjølvsagt at utvalet er større enn på norsk. Noko av språket vil også gå tapt i omsetjinga. Eg har sansen for denne skildringa:Fred Dellray found himself looking at a pale skinny man who could have been a waisted thirty or a preserved fifty.
Det er ikkje noko problem å lese engelsk når ein først er i gang. Eg synest det er greitt å ha ei ordbok eller ein mobil med "google translate" i nærheita i tilfelle det er eit nøkkelord ein går glipp av. Målet for meg er at ordforrådet vert utvida, og at det passive ordforrådet vert meir aktivt. Eitt døme igjen: He spun the wheelchair around again, three-sixty, but saw nothing. Det er lett å forstå, men eg visste ikkje at ein uttrykte seg slik.
Eg likte romanen godt. Her kan de lese dei første sidene. Denne boka eig eg, så folk i nærleiken kan få låne den.

Bok 37: Fedrenes løgner
Denne romanen har eg hatt liggande ei stund. Då eg begynte å lese den, visste eg fint lite om boka. Eg trudde etter kvart at dette måtte vere ein roman Tom Egeland hadde skrive før han begynte å skrive krim. Men det er omvendt. Romanen er frå 2010.
På coveret: (Som eg hadde levert attende til biblioteket.)
En ferskvannsdunk med en dagbok driver mot land på Barbados. Det oppsiktvekkende funnet kaster nytt lys over forsvinningen til klimaforskeren Carl Christian Scott i Vestisen tjue år tidligere. Funnet blir også et vendepunkt for hans sønn, journalisten Victor Scott, som strir med egne problemer og livsvalg. Victor blir bedt om å skrive en bok om sine berømte forfedre: Faren som forsvant sporløst, farfaren som fikk nobelprisen i litteratur, oldefaren som bodde tjue år på en øde øy. For å samle informasjon legger Victor ut på en verdensomspennende reise som skal endre livet hans.
På Dagbladet si side er ikkje kritikken så positiv. Medan romanen der vert kalla uinteressant og flat, meiner eg den boblar av forteljarglede. Det er, for å seie det sånn, godt loge! Eg likte denne boka betre enn krimromanane til forfattaren.

lørdag 4. august 2012
Konsert
Det var nokre vener av oss som lokka oss til å reise til Trondheim og gå på konsert. Der var noko som skjedde kvar kveld. Vi valde konserten med Ane Brun og Emmylou Harris. På bilturen høyrde vi ulike CD-ar med Emmylou Harris. Dei fleste kjem vel mest for å høyre ein av artistane.
Det vart ei fantastisk oppleving. Begge artistane hadde med seg flinke musikarar. Min yndlingsmelodi kom som ekstranummer.

fredag 3. august 2012
Trondheim
I dag har vi vore i byen og sett på festivalar. Vi har også vore på omvising i Nidarosdomen. Men kvelden er enno ung.
torsdag 2. august 2012
onsdag 1. august 2012
Cup er cup
I dag har vi tatt oss tid til å sole oss. Det skal ikkje mange solstrålane til før ein vert lettare solbrent ...
Hareid har gjort det bra i år. Jentene tapte sin første kamp i turneringa. Og som kjent: Cup er cup. Då er det vinn eller forsvinn.
tirsdag 31. juli 2012
Tredje siger
I dag starta vi med ein tur til Valle Hovin der jentene spelte. Dei vann 3-2.
Eg har vore på Akershus festning før. Det som gjorde sterkast inntrykk då, var å sjå kistene der dei kongelege vert "gravlagde".
Andre kongar er murte inn i murane. Ein var redde for gravskjending(eit bokmålsord eg ikkje finn noko betre nynorskord for).
Store salar.
Eg tenkte eg måtte ta med nokre interiørbilde til interiørbloggarane ...

... og eit antrekk til motebloggarane.
mandag 30. juli 2012
Måndag er ikkje museumsdag
I går gjekk vi rundt i Hamar sentrum og såg oss rundt. Der er ange fine parkar med statuer og blomstrar. I dag fann vi ut at vi kunne ta oss ein tur til Domkirkeodden før vi for til hovudstaden.
Museet var stengt, men ein kunne gå rundt og sjå seg rundt. Det var visst dagen for vindauspuss.
Nokre hadde tatt med seg kjølebagar med mat og sett seg ned ved borda der.
Vi berre gjekk runt og såg på husa. Eg kan godt tenke meg å vere der i opningstida ein annan gong. Urtehagen er sikkert verdt eit besøk.
Dette bildet tok Øystein med mobilen. Eg fekk lagt det direkte ut på facebook.
På Ekebergsletta låg jentene under 0-1mot Råde, men vann 4-1, ein spennande kamp med andre ord.

søndag 29. juli 2012
lørdag 28. juli 2012
Korterma genser
Sist eg la ut bilde av eit liknande plagg, kalla eg det vest. Då fekk eg fleire protestar.
Frå nynorskordlista:
genser m1 (eng. guernsey (shirt) '(trøye frå) øya Guernsey') heil, strikka trøye (med ermar) ha g- utanpå skjorta
Før eg strikka denne, spurde eg frøkna om denne var lik den førre. Begge oppskriftene fann eg nemleg på Drops design. Ho meinte dei var ulike. Eg veit i alle fall at genseren kjem til å bli brukt til hausten.
Garnet er Hverdags. Eg må då strikke eit par storleikar større enn eg vanlegvis bruker.
Frå nynorskordlista:
| genser |
Før eg strikka denne, spurde eg frøkna om denne var lik den førre. Begge oppskriftene fann eg nemleg på Drops design. Ho meinte dei var ulike. Eg veit i alle fall at genseren kjem til å bli brukt til hausten.
Garnet er Hverdags. Eg må då strikke eit par storleikar større enn eg vanlegvis bruker.
fredag 27. juli 2012
Gull!
I dag samla vi næraste slekta og feia foreldra mine sitt gullbryllaup her på Hareid.
Eg fann ein pakke serviettar og nokre gullys i samlinga mi.
Det er kjekt å berre gå ut i hagen og velje blomstrar i dei fargar ein ønskjer. Eg valde ein liten vase. Høge bukettar vert ofte i vegen.
På menyen stod det rømmegraut og spekemat. Etter dette vart det ikkje dessert, men kaffi og sjokolade. At sjokoladepapiret matcha, var heilt tilfeldig!
Veret har ikkje vore så verst i dag. Ein kunne sitte ute om ein ønska det.
Gullbrudeparet.
Jentene insisterte på å ta bilde av gullbrudeparet ved kakebordet.

torsdag 26. juli 2012
Surdeig igjen
Ein dag for vel ei veke sidan tenkte eg at viss eg laga ein surdeig, kunne eg vere sikker på at sola kom fram slik at det vart lite freistane å bake. Noko må ein gjere for å lokke sola fram?
Eg følgde oppskrifta i Schakenda si bakebok. Etter to dagar bobla det. Det som skal kastast, som det står i oppskrifta, puttar eg i ein brøddeig eller i brødbakemaskina.
Etter ei veke er surdeigen ferdig. 1 dl vatn og 1 !/2 dl mjøl og 50 g surdeig vert til 3/4 dl surdeig.I går bakte eg brød som eg heva med surdeig utan gjær. Dei heva fint og vart ikkje sure! Eg synest det er artig å arbeide med deigar. Det vert ei form for kjemi.
I dag tok eg resten av surdeigen og laga desse fruktbrøda. No er det ikkje ei tørka frukt eller ei nøtt att i huset som er datostempla i 2012!
Eg veit at mange av blogglesarane har Schakenda sine bakebøker. No er dei forresten til halv pris på ark.no. Sist hadde eg ein surdeigskultur eit halv år. No skal eg ta ein pause og heller ta det att når det vert mørkare ute. Litt rot er det med det også.
onsdag 25. juli 2012
Seks til bords
I dag kom gutane att frå Bergen der dei har vore på to konsertar - etter den eine i Oslo.
Det har vore laga lite mat medan dei har vore vekke, eller i alle fall små porsjonar. I dag laga eg blomkålsuppe og steikte nakkekotelettar. Det trur eg ikkje dei hadde ete på turen.
Drikkeglasa på bildet fekk eg av ei venninne til fødselsdagen min. Eg fann fram ein vase og eit par lysestakar i same farge. Dei fekk eg til 40-årsdagen min.

Mobilblogging
Eg fekk eit spørsmål om eg kunne forklare dette med mobilblogging sidan eg har fått det til. Eg skal prøve å lage ei lita rettleiing.
1. Få ein femtenåring til å hjelpe deg.
Dette punktet er halvveis ein fleip. Men desse fjortisane, dei manøvrerar seg lett fram på desse smarttelefonane. For meg er det eit "nytt språk" å lære.
På min telefon går ein inn på Play Butikk. Appstore kan det også kallast, seier ho.
Då er det berre å søke ...
... blogspot.
Her ser de at Blogger kjem opp.
Her må ein trykke på nokre accept og installer...
... og opne. Ei e-postadresse kjem opp ein stad på vegen.
Slik såg skjermen ut i går då eg laga innlegget mitt i går. Desse teikna kjenner alle som har blogg med blogspot! Lykke til!
P.S. No har eg lasta ned Google oversetter også.

Abonner på:
Innlegg (Atom)