søndag 27. juli 2014

Rundtur i Romsdal

Vi var så heldige å bli inviterte på familietreff med overnatting på øya Orta eller Orten.  Farfaren til borna våre har vakse opp der.
                                       
Bilde teke på Finnøya der vi ventar på siste  ferja utover.

 Dei første bilda er tekne i ellevetida om kvelden.
Kyr i solnedgang.

Flott syn når sola går ned i havet.

 Øya har sitt eige forsamlingshus med plass til 65 gjester. Ein kan bestille middag der i god tid. Ein flott hage framfor...
... med staudar og roser.
Neste morgon: Eg trur knapt kyr kan få det betre?
 Himmel og hav!
 Bading etter frukost.
 Vi kan berre takke vertskapet for ei flott helg med hyggeleg selskap og mykje god mat!
 Ferjene klaffa litt dårleg på heimvegen, så vi stoppa på Sjøholt og kjøpte med oss brød, pålegg og drikke.  På Sulesund sette vi oss ned ved eit rastebord og åt kveldsmat.  Ei fin avslutning på turen.
Til Orta køyrde vi om Brattvåg.  Tilbake køyrde vi over Aukra og til Molde. På den måten fekk vi sett mykje av Romsdal.


torsdag 24. juli 2014

Dei tre buskane ...

... fekk vi av søstera mi for tre år sidan.

Eg synest ikkje dei har vakse så mykje.  Dei bruker vel litt tid på å etablere seg. I år gjødsla eg dei i juni, og eg trur dei vil kome fint.  To eldre buskar har så mykje daudt i seg at vi vurderer å sage dei heilt ned.

Elles har eg eit gåvekort på Plantasjen.  Etter eit besøk hos ei god venninne sit eg med mange gode idear!

onsdag 23. juli 2014

Bok 39: Seks år

Frå coveret:
Seks år har gått siden Jake Fisher så Natalie, sitt livs kjærlighet, gifte seg med Todd. I seks år har han holdt seg unna Natalie, men da han kommer over Todds nekrolog klarer han ikke å holde seg unna begravelsen. Der får han et glimt av Todds kone det er bare det at hun ikke er Natalie. Hans perfekte bilde av Natalie begynner å rakne, og han skal komme til å sette sitt eget liv i fare.

Eigentleg hadde eg tenkt å lese denne romanen på engelsk.  Men då eg fann den norske MP3-lydbokversjonen på biblioteket, vart freistinga for stor. Romanen er kort, så eg lytta til den eit par dagar.

Eg liker Harlan Coben sine bøker godt. Han held spenninga oppe gjennom heile romanane sine. Denne startar marerittliknande.  Folk hovudpersonen har kjent, kjenner han ikkje.  Stader han oppsøker, har aldri vore der.  Jake gir ikkje opp å finne Natalie.  Gradvis rullar han opp mordgåta. Slutten er noko amerikansk, men han er logisk, så vi går med på han.

tirsdag 22. juli 2014

22. juli 2014

 I dag tok eg meg ein pause og såg seremonien på Utøya.  Eg synest dei som talte var flinke å sette ord på ting.
Dei to eldste gutane kom att i sjutida frå ferie i England og Franrike. Det stod kjøtsuppe og karamellpudding på menyen. Dei hadde med seg gåver og suvenirar. Dei kan dukke opp på bloggen etter kvart.

mandag 21. juli 2014

Tur til Geiranger

Det har vorte med snakket i mange år.  Veret må passe, og dagen må passe.  I går kveld tok vi berre avgjerda.  Yngstemann hadde fri og kunne vere med.  Veret er strålande.  Vi bestemte oss rett og slett for å menge oss med turistane!
Køyreturen frå Hareid tok cirka 1 time og 20 minutt. Vi parkerte bilen på Hellesylt ...
... og vent på ferja.
Dei gåande passasjerane kjem først ombord ...
... og kan velje dei ste plassane på dekk.
Før vi svingar inn i fjorden.
Matvika var ein av dei mest grøderike gardane i fjorden, best kjend for fruktdyrking.  Til og med aprikosar hadde dei dyrka der.

 Dei Sju Systre.
Skageflå - der dei kunne drage opp stigen når skattefuten kom.
Knivsflå.
 Ein attraksjon er fisketur.
 Ørnesvingane - heilårsvegen til Geiranger.
Geiranger.

Softis i varmen.

Geiter høyrer heime i dette terrenget.
Karane bada i sjøen. Stranda var nok finast ved campingplassen.

 Det var ingen cruiseskip i Geiranger i dag, så der var relativt fredeleg.  Køane vi har høyrt rykte om, merka vi ikkje noko av.  Nokre turistar vart henta på hurtigruta.  Der stod bussar på land, så eg reknar med dei skulle ha litt variasjon.
På tilbaketuren vart informasjonen lesen opp på italiensk og japansk i tillegg til norsk, engelsk og tysk.

Om nokon lurer på prisar på ferjeturen, så kostar ein tur-retur-billett 215 kr for ein vaksen.  Ferjeturen tek vel ein time.





søndag 20. juli 2014

Varme dagar

Sommaren 2014 kjem nok til å gå inn i historiebøkene som ein av dei mest solrike her på Sunnmøre.  Ei venninne av meg skal berre feriere heime i år, og ho kunne vel ikkje valt eit betre år!  For tre år sidan var eg heime med borna i tre og ei halv veke medan mannen var i Roma.  Då hadde vi to dagar med sol.  Ein dag var det så vidt freistande å bade.  

I dag gjekk eg rundt vatnet i kveldninga.  Sjølv om eg gjekk i kort shorts og singlet, rann sveitten.  Nokre skyer har det vore på himmelen, men temperaturen har vore høg.

Under mottoet "Når sola går ned i vest, arbeider den late best", laga eg ein haug med fiskekaker i kveldninga i går.  Det er kjekt å gjere ein nyttig ting om dagen - eller kvelden. 

fredag 18. juli 2014

18. juli

I dag har vi hatt triveleg besøk av bror min med familie. Gutane har vorte store og er flinke å leike seg.  Men det kan no vere kjekt med ein ekstra aktivitet!  Valet fall på kanopadling på Snipsøyrvatnet.  Etterpå viste det seg at det var varmare i vatnet enn på land, så både gutane og onkelen tok seg ein dukkert.

Hald stranda rein!
Der er fint tillaga for bading, soling og grilling ved Holesanden.  Eg vert så skuffa over folk som ikkje ryddar etter seg. Det skulle ikkje vere så vanskeleg å ta med seg heim sitt eige boss.  Attgløymde ting som symjebriller, solbriller, tøysko og badesko er no ein ting, men halve flasker og plastesker er ikkje så forståeleg.  Eg tok med meg det verste ... (Alt rot folk set frå seg ved bossdunken er eit kapittel for seg.)
På menyen stod det lammegryte - og sjølvsagt karamellpudding til dessert!

onsdag 16. juli 2014

Bok 38: Slakteren

Frå forlaget:
"Slakteren" er en internasjonal thriller med høyt tempo fra et dekadent miljø i et av Rivieraens rikeste ferieparadis. Et solrikt sted for lyssky individer. En historie spekket med menneskelig dårskap, mørke hemmeligheter, begjær og umettelig hevnlyst. Tom Hartmann har en egen evne til å rote seg borti høyspente kriminelle miljøer. Nå drar han til Cap Ferrat i Sør-Frankrike, til sin gamle studiekamerat Eddie Jones, som har en forretningsidé å foreslå. Problemet er bare at Eddie også har liket av en vakker kvinne i bagasjerommet på bilen. Samtidig får Toms ekskone, politietterforskeren Cathrine Price, en høyst spektakulær drapssak på bordet: Levningene av den fryktede kritikeren Gerhard Elming ankommer Galleri PL i Oslo midt under en vernissage. Anrettet som en grotesk kopi av et av verdens mest berømte kunstverk.

Eg har oppdaga at eg hadde hoppa over ei av bøkene til Øystein Wiik.  Derfor var eg glad eg fann henne på biblioteket etter ferien.  Eg har stor sans for bøkene hans.  Han er og ein av dei få som bør lese sine eigne romanar etter mitt syn.

Det er mykje å halde greie på.  Lat det vere sagt. Det er hendingar i notid og fortid og persongalleriet er stort.  Eg er glad eg har hatt tid til å lese mykje kvar dag, slik at eg har kunna halde konsentrasjonen oppe.  Mordmetodane er bestialske.  Krypdyr og operasjonar går att. Eg mistenker og forfattaren for å halde litt gjøn med kunstnarmiljøet.

Romanen høver for dei som toler litt.  Sjølv har eg sansen for det bestialske - i bokform- men får lyst til å late att øyrene når ein lege skal stele auge ...  Meir vil eg ikkje seie ...

tirsdag 15. juli 2014

15.juli


Tidlegare i sommar hadde eg tenkt at strikketøyet skulle dukke opp både titt og ofte i bloggen.  I dag har eg omtrent ikkje strikka.  Veret har vore grått, så eg har gått laus på kjøleskåp, vindauge og kjøken med ventilatorvask og anna. Det er ikkje så lenge sidan eg vaska frysarane.  Ved eit uhell hadde den eine samla mykje is i opninga.  Det same har skjedd no. Etter eit besøk der vi skal ete lammelår og is, skal nok det gå raskt.  Eg rekk det nok før ripsbæra skal rørast.
Slike brot har eg ikkje strikka før.  Det går greitt å lese det engelske mønsteret.  Men eg satsar berre på å forstå eitt steg om gongen. Det andre ermet strikka eg brotet på i går.  Som kjent strikkar eg alltid på to ermar om gongen.

mandag 14. juli 2014

14. juli

I dag vakna vi til fint ver, men så skya det over etter kvart, og det etterlengta regnet kom - heilt greitt når ein veit at ein snart skal få sol att!

Middagen vart servert inne.  Dei to eldste karane reiste på ferie i kveldninga.  Dei skal både til England og Frankrike.Begge to har jobba hardt, og vi unner dei verkeleg ferie!

søndag 13. juli 2014

Når sola går ned i vest ...

Vi har feriert heime i ei veke no.  Veret har vore omtrent som i Italia.  På våre kantar må ein berre sleppe det ein har i hendene og nyte alle fine dagar.  Hagearbeid er greitt, men det som skal gjerast inne, får vente. matstellet vert enkelt med grilling og vaffelsteiking ute.

Eg synest ikkje hagen er så fin for tida. Det er mykje daudt materiale i buskane.  Nokre staudar skulle ha vore flytta.  Sist eg flytta denne blå valmuesøstera i albautgåve, var eg glad eg let litt stå att, for då kom fineveret!  Det er sikkert lurast å gjere mot hausten.  Det er berre det at då vert det gjerne gløymt.

I går var eg så ivrig med hekksaksa at eg må vere forsiktig med strikking i dag.  Skuldra toler ikkje for mykje belasning.
Dei to kaninane i heimen har fått kvar sin luftegard, den siste laga av fem nettingkompostbingar frå Biltema.
Når eg kjem, forventar dei seg ein godbit.  Eg bruker å plukke ein bukett av ulike ugras, salatar og urter.  Dei luktar seg fram til den sorten dei liker best.  Om dagen kviler dei for det meste, men i kveldninga startar beitinga.


lørdag 12. juli 2014

Bok 37: Havets katedral

Frå forlaget;
Bernat Estanyol, en livengen bonde i middelalderens Spania, tvinges av sin brutale godsherre til å forlate både hustru og gård. Sammen med sin lille sønn Arnau søker han tilflukt i Barcelona, byen der hjemløse og forfulgte kan finne frihet. I den vrimlende storbyen møter Arnau mennesker som skal følge ham resten av livet - i vennskap og svik. Men hans skjebne ligger i inkvisisjonens hender ... "Havets katedral" gir en fascinerende beskrivelse av Barcelonas storhetstid som livlig sjøfartsby preget av religionskonflikter, krig, pest, enorme sosiale forskjeller og kamp om materiell rikdom. En gripende historie om ukuelig frihetstrang og grenseløs kjærlighet.

Dette er ein historisk roman frå midten av 1300-talet.  Svartedauden er ei viktig hending i romanen.  

Eg både likte og ikkje likte denne romanen.  Hendinga er etter mitt syn lite truverdig.  Kanskje ei og ei hending kan vere realistisk, men tilsaman vert det meir eventyr.  Det er kanskje meininga.  Det er ein lang roman med 19 CD-at.  Eg trudde der skulle vere 20, men den siste var ei MP3-plate.

Mykje av det historiske stoffet er interessant.  Måten ein kunne behandle kvinner på, er hårreisande, men sikkert historisk korrekt.  Også jødane si historie er grusom.

Om lydbokutgåva: Eg liker at lydbøker vert lesne opp nokonlunde nøytralt.  Opplesaren treng ikkje spele for mykje og rope til dømes.  Musikk høyrer heller ikkje til etter mitt syn. Eg vil ha hjelp til å lese, ikkje tolke!

Bok 36: Alfabethuset

Frå forlaget:
En sterk spenningsroman fra Jussi Adler-Olsen, forfatteren bak bestselgerserien om Københavnpolitiets Avdeling Q! Andre verdenskrig: To engelske jagerpiloter blir skutt ned under et oppdrag over Tyskland. Pilotene, James og Bryan, vet at de blir henrettet hvis de blir tatt til fange. De kommer seg om bord på et lasarettog fullt av høyt rangerte SS-folk med granatsjokk. James og Bryan kaster to pasienter av toget og tar deres plass. De to pilotene havner på Alfabethuset, et militært psykiatrisk sykehus hvor de må simulere sinnssyke for å overleve. Men kan de det? Uten selv å bli sinnssyke? Fluktplanene blir vanskelige å gjennomføre fordi de er sløvet av medikamenter og elektrosjokk og i tillegg deler sykesal med fiender som har lignende planer ... Mange år senere setter Bryan føttene på tysk jord igjen. Han har ett mål: Å finne ut hva som egentlig skjedde med James.

Denne romanen vart først utgitt i Danmark i 1997.  No når forfattaren har vorte populær, er det vel marknad for tidlegare utgitte romanar.

Eg har sansen for denne romanen.  Han er spennande, og viktige spørsmål vert stilte.  Kva er menneske villege til å gjere for å overleve i ein ekstrem situasjon? Kven overlever og til kva slags liv? Kva er eit svik? Korleis skal ein takle fortida?

Bok 35: Stormen

Frå forlaget:
Med sin særegne evne til å skape uhygge, har Frode Granhus nok en gang skapt en krim det er umulig å legge fra seg. Under en stormnatt i Reine i Lofoten løsner en diger steinblokk og pløyer en dyp renne i fjellet. Raset avdekker det som ved første øyekast ser ut som små bein og knokler. En forbrent skikkelse ligger på pleiehjemmet i bygda. Ilden har fratatt ham synet, taleevnen og størstedelen av bevegelsesevnen. Smertene er konstante, men han lever. Uheldigvis er han ikke i stand til å fortelle noen at smertene tiltar, at en ukjent fiende sørger for at han får det enda litt verre, dag for dag. At faren er størst nettopp her, hvor han burde være tryggest. Frode Granhus ble nominert til Bokhandlerprisen og Rivertonprisen for 'Stormen'

Eg les og ser på mykje krim.  Denne romanen følgjer ei kjend oppskrift. Spenninga vert halden oppe av den innestengde personen som vert plaga.  Vil han greie seg?

Romanen er underhaldande og spennande. Ein vert lett hekta.  Eg likte han godt og ser fram til å lese fleire romanar av forfattaren.

fredag 11. juli 2014

Retrokofte

 I går gav eg eg denne jakka til systera mi, så no kan eg vise henne fram på bloggen!

Idéen til å strikke jakka fekk eg på facebook.  Der er eg medlem av nokre strikkesider.  Jakka dukka opp som "retrokofta" titt og ofte.  Oppskrifta hadde eg sett i boka "Strikk med raske pinner". Andre har funne den i eit vekeblad/magasin, kanskje Lev Landlig?

I mai ein gong stakk eg innom biblioteket for å låne boka på nytt.  Dei hadde henne ikkje, men ville bestille frå Vik.  Eg sa at eg like godt kunne hente boka der.  Det gjorde eg.  Samtidig kjøpte eg garn på butikken som forhandlar Drops sine garntypar.  Der var det sal på ull- og alpakkagarn.  Ein farge mangla dei, så det vart til at eg kjøpte eit nøste Raumagarn i staden.  Heklekanten er i Finull, for PT2 er ikkje i handelen her.

Eg var i tvil om eg skulle ha hekla kant framme som i oppskrifta, og om eg skulle hekle den grøne "blondekanten".  Rådgivarane mine på jobb meinte at det måtte eg ha, for det var det som gjorde jakka spesiell.
Eg synest jakka er tøff, og eg er glad for at mottakaren likte henne!

torsdag 10. juli 2014

Fellesfeiring

 I dag var det dekka til prinsessefeiring hos sysetra mi. Fire "jenter" og to menn har harr geburtsdag i juni eller nokre dagar før eller etter. Vi rekk ikkje å feire ein og ein ...

Ein liten barselvisitt vart det og.  Dei har fått seg ein ti veker gamal Shetland sheepdog.  Bilde av han og resten av gjengen finn de på systera mi sin blogg.
Vi synest alltid det er kjekt både å få og gi kaker.  Vertskapet har som regel nok å gjere med middag og dessert.  Takk for nydeleg oksegryte og pavlova!

Kaka over har frøkna pynta.
På heimturen leita vi opp den berømte padda som eg insisterte på å bli fotografert ved.

Vi køyrde rundt Austefjorden begge vegar.  Den nye vegen på Voldasida er flott.  På den andre sida er vegen omtrent som på sytti- og åttitalet.  Eg vert ofte sittande å mimre når eg køyrer desse vegane som vi gjorde då eg var lita. Den gongen var det å køyre rundt fjorden noko av det verste eg visste. No er vegane og bilane betre.  Musikken vert styrt av ein mobil i baksetet.  Den gonge var kassettspelar i bilen det heilt store.

onsdag 9. juli 2014

Årets varmaste dag?

 I dag har det vore italienske temperaturar her hos oss.  Det er ikkje kvart år vi opplever slik varme på Sunnmøre.
Ein kan vel ikkje ligge heilt på latsida?  Eg har safta eit par runder med frosne ripsbær etter latmannsmetoden.  Eg tappa dei rett på flasker, utan sukker denne gongen.  Så får eg passe på å ha solbærsirup i hus.  Den inneheld rikeleg sukker og solbær smakar godt saman med rips.
Men skal ein no først ligge på latsida, så kan det vere kjekt med ei god bok på øyret.  Eg sykla til biblioteket og fann desse i dag.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...