onsdag 5. juni 2019

Eple- og daddelbrød

 Midt under fjorden nede i tunnelen på veg til konfirmasjon fekk eg spørsmål om denne boka kunne vere av interesse.  Det var den sjølvsagt.  Eg rekna med at i gåvepakken også låg ei lett oppmoding om å blogge meir? 
 Når ein får nye bakebøker er det lurt å sette seg inn i tankane til forfattaren om korleis ting skal gjerast ev. gjærast.  I denne boka kastar ein gjæren rett i deigen og eltar lenge, for å seie det kort. Men så seier ein og at råda i boka treng ein ikkje å lyde blindt, ein kan vurdere ut i frå eiga erfaring.
 Eplet og dadlane vog eg opp slik som i oppskrifta.  Elles kjem ein fornorska versjon med surmjølk i staden for kjernemjølk.  Der skulle vere 200 g grovt mjøl.  Eg tok det eg hadde.  Mi oppskrift:
300 g sikta kveitemjøl
100 g sammalen kveite, fin
100 g sammalen rug, fin
250 g lunke vatn
100 g surmjølk
1/2 pk gjær
3/4 ts salt
100 g tørka dadlar, i små terningar
100 g syrleg eple, i små terningar

  1. Bland mjøl og rør inn gjær og veske.  Rør 10 minutt.
  2. Ha i dadlar og eple.
  3. Hev til dobbel sttorleik
  4. Form brødet.
  5. Etterhev i 45 minutt.
  6. Steik ved 200 g, ca 40 minutt.
Brødet fekk høge terningkast her i huset!  Eplebitane vart søte og gode i brødet.I framtida vil eg lure inn eit egg og kanskje litt mørk sirup?

Tusen takk Lappetausa!


4 kommentarer:

  1. Eg har sakna matoppskriftene på bloggen din, så dette var bra!

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du brydde deg om gåva. Gleder meg til fleire blogginnlegg med tilpassa oppskrifter😉.

    SvarSlett
  3. Fint :-)) jeg vil unmiddelbart bake et brød igjen,
    med eple jeg har aldri gjort det... og sikkert det er deilig med datoene.
    Takk for oppskriften, Solveig.
    Min siste brød var med valnøtter... veldig bra også.
    Hilsen til deg.
    God pinse. Viola

    SvarSlett
  4. Eg er veldig glad i valnøtter og aprikos! Men eg treng å utfordre meg sjølv litt i brød- og kakevegen. Det er lett å ty til klassikarar, og då vert det lite å skrive om!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...