søndag 11. januar 2015

Lat - eg?

 Ei venninne let seg skikkeleg provosere av ein interiørekspert som uttalte tidlegare i veka at dei som ikkje hadde rydda vekk jula 1. nyttårsdag, ja, dei var nettopp late.  Vi som pyntar til jul lisjejulaftan, har det ikkje så travelt med å kaste ut juletreet. 1. - 23. desember var det kanskje lilla som gjaldt.
Men - det er kanskje på tide å rydde ut jula 2013!  Denne julestjerna har nekta å døy.
Så spørs det kva farge ein skal satse på - sånn interiørmessig - i januar?  For meg er månaden lysegul og turkis eller lyseblå.  Her i huset snik det seg inn ein del rosa. På TV-rommet får frøkna innreie med dukar, puter og lys som ho vil. For meg er juli rosa.

Elles i dag har eg sett over hundre karakterar.  Det er eit arbeid ein ikkje tek lett på!Vi går inn i siste veka i første termin. Før eg gjekk bort på arbeidsplassen min, sette eg på ei (relativt) lita panne med fårikål.  Så fekk middagen lage seg sjølv.  No har eg brød i omnen.  Innimellom dette har eg og hatt god tid til å late meg, eller ligge på lading som eg kallar det!





4 kommentarer:

  1. Ein må gjere som ein vil ja.
    Eg hivar ikkje ut vakre raude blomar sjølv om kalendaren viser 11.januar.
    Og så må vi akseptere kvarandre, enten ein hivar ut Jula 1.januar eller ikkje.
    Latskap er det i allefall ikkje snakk om ;-)

    Fin ny veke!

    SvarSlett
  2. Eg pyntar med lilla til advent. 4.sundag i advent tik eg fram julepynten. I går tok eg bort julepynten. Eg synest det var heilt greitt å gjere det slik-for meg. Men eg pynta ikkje til nyttår. Ser at du brukar mykje den kvite JYSK-duken. Eg kjøpte tre meter med blått stoff -vil du ha det? Som ein variant. Trudde stuane var på fem meter før?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og har ein rull liggande. Praktiske dukar m.o.t. Stryking og tørking.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...