mandag 1. oktober 2012

Bok 48: Svart elfenben

Skulen vår skal få besøk av forfattaren Arne Svingen.  Det vart eit godt høve til å lese minst ein av romanane hans.  Eg valde Svart elfenben fordi den vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2005.

Dei to venene, Sam og eg-personen, har vorte kjende i Oslo.  Sam har vore barnesoldat i Liberia. Eg-personen er ein norsk gut som har vakse opp i ulike fosterheimar.  Saman gjer dei ei kriminell handling for å kunne reise til Elfenbeinkysten for å finne mora til Sam.

På reisa i Afrika møter dei mange utfordringar.  Med på reisa har hovudpersonen romanen "Mørkets hjerte". Eg veit ikkje kor mange norske ungdomar i lesargruppa som har sett Apokalypse nå .  Etter mi meining er ikkje filmen noko for fjortisar.

Språket i boka er radikalt bokmål.  Ikkje alt er etter offisiell rettskriving. Men det er heilt sikkert bevisst.  Orda kjem frå eg-personen.

Eit døme er hælvete.  Eg bruker å seie at eit sikkert merke dei saklegaste innlegga på facebook er korleis ein stavar helvete (hælvette!  hællvette!).  De har sett dei?

Eg trur dette er ei bok som kan fenge målgruppa, ungdomar mellom 14 og 18.  Det er ein roman som også, eller kanskje spesielt, gutar vil like.

De kan lese utdrag her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...