tirsdag 23. oktober 2012

Bok 51: Korsbæreren

Eg sleit litt med å kome inn i denne thrillaren.  Det var mange personar å verte kjende med, og handlinga skjer i ulike tider og på ulike kontinent.  Der er også ein eg-person som ein ikkje heilt veit kven er.

Elvira, hovudpersonen i romanen, får besøk av ein gamal elskar som tilbyr henne, eller banken hennar, gode investeringar.  Dette er eit svindelforsøk som ballar på seg.  Den japanske mafiaen er involvert.

Då eg først hadde kome inn i konflikten, greidde eg ikkje å legge boka vekk. Dette er ein skikkeleg pageturnar av ein krimroman.  Og eg likte løysinga, eller slutten får ein heller kalle den.

Eg har ikkje sjekka om der er fleire romanar med same "krimhelt", ein banksjef til ein variasjon.  Det er ein fordel å sleppe å sette seg inn i privatliva til alle personane i ein roman ...




3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg gått forbi mange gonger på biblio-kanskje eg skal ta den med heim neste gong.

    SvarSlett
  2. Tom Kristensen plar ha nye persongalleri i kvar roman,så det er neppe fleire bøker med same banksjef. Bøkene hans er sjeldan noko språkleg oppleving, men han skriv likevel fortellingar som fengar. Det er driv i handlinga, og ein får møte med miljø og problem ein elles ikkje er borte. Kjekt med forfattarar som greier å kombinere underhaldning og opplysning!

    SvarSlett
  3. Det er eg einig i! Her er det handlinga som tel
    Språket er heilt greitt. Litt "rygging bakover" må eg berre tole, har eg kome fram til.
    Andre forfattarar har godt pråk og refleksjon som si sterke side. Derfor er det greitt å lese ulike forfattarar, synest eg. Å ta for seg forfattarskap har eg ikikje gjort sidan eg las alle Mankell sine bøker om Kurt Wallander.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...